Til Hop i Fana som marmorarbeidarar

I 1776 etablerte Werner Hosewinckel Christie eit marmorverk ved Frugardselva på Orninggard eller Nedre Ådland som garden då framleis også vart skriven. Det var mor hans, prostinne Magdalene Margrete Christie, som eigde garden til han overtok i 1779. Ho var ei av fruene som gav namn til Frugarden.


Verket var i drift i 1782 og i 1784 for då fekk Gunnar Torbjørnsson som var steinhoggar og sagmeister ved verket, premie frå Det nyttige Selskab i Bergen for ein likstein og ein sarkofag i marmor. Steinen må ha vore frakta frå eitt eller fleire av dei mange marmorbrota i Sunnhordland som Christie hadde kongeleg privilegium til å driva frå 1775. Marmor av ulik kvalitet var det på Moster, Vikanes, Hidle og i Storsøyo ved Huglo. Mykje av steinen gjekk til praktbygg i København.


Christie var både landmålar (konduktør) og frå 1783 lagmann i Bergen. Året etter kjøpte han garden Hop i Fana og flytta då marmorverket dit. Her var det Marmorøya i Nordåsvatnet som var det viktigaste brotet. Og i alle fall frå 1790-åra finn me fleire stordabuar som marmorarbeidarar der.


Ein av dei var Gudmund Jonsson frå husmannsplasset Ås (Haugen) under Orninggard. Som attenåring var han i 1794 i teneste hos lagmann Christie. Tre år seinare gifta han seg i Fana med Ingrid Bremnes. Dei budde på Hop der Gudmund arbeidde ved marmorverket til 1811/12. Då drog dei til Stord og slo seg ned som plassfolk på Vatna. Frå Hop hadde dei med seg tre born. I 1813 fødde Ingrid trillingar, men berre ein levde opp.


Det kan vera Anders Fredriksson Vatna som formidla plasset på farsgarden for Gudmund og Ingrid. Anders gifta seg også i 1797, med Marta Nordeide. Samtidig var dei gardbrukarar på Nordeide i Fana i lag med Marta sine foreldre. Anders var forlovar for Gudmund, og arbeidde også på Hop.


Helge Ånensson, frå Tveita i Nordbygdo, drog også til Hop. Han gifta seg der i 1796 med Johanna frå Natland i Fana. I 1801 er han registrert som husmann med jord og som arbeidar ved marmorverket. Han må ha vore svært medviten om kvar han kom frå. Til dei som førte han inn i folketeljingslista i 1801, opplyste han at stamfaren hans var «Helje jarl», ein bror av ein dei gamle norske kongane, og at «det øvrige av Familien findes paa Storøen». Dette var nok basert på kunnskap om adelsslekt på farssida eit par hundreår tidlegare. Men nokon «Helje jarl» har det til dessar ikkje vore mogleg å finna.


I tillegg til desse tre veit me at Torstein Kattatveit var på Hop i alle fall i 1801 og i 1809, før han vart husmann på Huglo. Og ein bror til Anders ovanfor, Ola Fredriksson Vatna, var der så seint som på 1820-talet, før han kom att som husmann på Nysæterneset. På den tida var nok den største drifta over etter at Christie døydde i 1822.



Fem år seinare skildra den kjende malaren J.F.L. Dreier arbeidsplassen med dei to marmorsagene ved Hopsfossen (sjå http://grind.no/midthordland/bergen/marmoroyen).


Kjelder: Eige manus til ny busetnadssoge for Stord; N.O. Østrem: Stord frå steinalder til oljealder II; E. Nysæter: Marmorbrota ved Nordåsvatnet (Fanajul 1986); T. Heldal/Ø.J. Jansen: Steinbyen Bergen.

 

«Sunnhordland» måndag 8.mai 2017


Egil Nysæter