Gråtassen kjem til Vikjo
Den første gråtassemodellen som kom til Vikjo i 1948, tok Henry Ferguson til å produsera like etter andre verdskrigen. På denne TE 20 modellen vart det nytta både bensin og parafin som drivstoff. Modellen var eit symbol for mekaniseringa i landbruket, ein «folketraktor» kalla Gråtassen. TE 20 var ei teknisk nyvinning med trepunktssystem og hydraulisk løft. No kunne bøndene løfta reiskapen opp og ned ved hjelp av hydrauliske løftearmar bak på traktoren.
Forteljarane mine hugsar godt då første Gråtassen kom til Vikjo, og vart parkert ved det gamle meieriet, i Borggata. Før hadde bøndene nytta plassen til hestane sine, men i 1948 vart det parkert ein skinnande grå Ferguson der for første gong. Bøndene på Stord hadde teke opp ideen om å skipa eit traktorlag i kommunen.
Per Stuve var berre ein unggut då traktoren var på plass ved meieriet. Han hugsar at det var reine «dyreskue», der hestane før hadde stått med mulen langt ned i høysekken. Her vart det nye tekniske vedunderet «vurdert og kommentert». Ja, ein av dei skodelystne hevda hardnakka at bakdekka var feil montert. Han meinte at jarnhesten hadde kome seg lettare fram om dekkmønsteret hadde vore andre vegen. Per fortel og ei herme frå tinging av traktorarbeid. Telefonvakta heime hjå driftsansvarlig kunne fortelja «at sjåføren var ikkje heime, for han var ute med svansen sin». Bøndene betalte timepris for arbeidet, men dei som var medlemer i traktorlaget fekk litt rabbat.
Per Høyland meiner det var omlag 20 bønder som gjekk i saman i traktorlaget og kjøpte inn ein Ferguson, TE 20 med motor på 26 hk og diverse moderne utstyr. Etter kvart vart det kjøpt både slåmaskin, 1 og 2 skjers plogutstyr, skål og fjørhorv, fræs, høy og silosvans, utstyr som dei kunne tinga for å letta arbeidet på garden.
Per fortel at på Høyland kjøpte dei eigen traktor i 1964, ein Ford Dexta. På garden hadde dei tidligare brukt 1 ½ månad til slåtten, men med eigen traktor og moderne utstyr og silo, tok slåtten knapt ei veke.
Per Stuve hugsar at faren kjøpe den første traktoren, ein Gråtass, til garden i 1956. Noko av utstyret vart innkjøpt saman med Peder Kannelønning. Dei to gardane brukte traktor og utstyr i lag, m.a. kjøpte dei inn spreiar for kunstgjødsel svært tidleg.
Far til Per Lundemannsverk var og med i traktorlaget, då det vart skipa på Stord. Kvar gong dei planla slått eller anna traktorarbeid, så ringte dei til Lauritz Hystad og tinga hjelp. Lauritz var ein av dei få bøndene som hadde sertifikat på denne tid, og han hadde driftsansvar for traktor og utstyr dei første åra.
Hjå Per Lundemannsverk vart første traktoren innkjøpt i 1956, ein Gråtass. Som mange av dei eldre gardbrukarane i 1950 åra vart aldri far til Per heilt «dus» med traktoren. «Hestekarane» hadde lett for å gløyma at dei måtte trakka inn kløtsjen når ein skulle gira elle stansa. Vidare tviheld mange i rattet og sa pro- prooo…, når ein kom i litt kritiske situasjonar.
Munnlege kjelder: Per Høyland f. 1931, Per Lundemannsverk f. 1937 og Per Stuve f.1940
Digital kjelde: Wikepedia.no
«Sunnhordland » 22-5 2015
Oddbjørn Kvålsvold


