Hjortejakt ved juletider for tre hundre år sidan
Jula 1709/10 var det stort gjestebod på garden Rydland i Fitjar. Julefeiringa vart kombinert med bryllaup. Det var enkjemannen Lars Rydland som gifta seg med enkja Mari Simonsdtr. Raunholm. Slekt og naboar var innbedne gjester. Frå Klubbo på Bremnes var Gjertrud Jørgensdotter komen for å vera kokke. Bryllaupsmaten var både ferskt og salta hjortekjøt hogge i grove stykke (”graafe braad”) som vart servert både kokt og steikt.
Det var Størk på nabogarden Liarbø som hadde skote eitt dyr – hjort er då vanlegvis omtala som ”dyr” – i Rydlandsmarkjo til bryllaupsmat. Jakta skal ha skjedd åtte dagar etter Heilage tre kongar, dvs. 6. januar som er trettandedag jul. Den dagen var den gamle juledagen før kalenderreforma i 1700. På denne tida varte jula lenge, minst til tjuandedagen, og somme stader heilt til kyndelsmesse som var 2. februar!
Størk Liarbø var leiglending hos presten som budde på Tyse. Presten hadde tidlegare på hausten også fått ein hjort av Størk. På ein eller annan måte må futen ha fått nyss om ”skytteriet” i julehelga, kanskje via presten?. I alle fall vart Størk eit halvt år seinare stemna for sommartinget for Våg skipreide på Vinnes i noverande Austevoll.
Der møtte også kokka Gjertrud saman med mannen som var smeden Torgjer i Klubbo, og to av dei andre bryllaupsgjestene – naboane Jens og Ola på Rydland – for å vitna om bryllaupsmaten, og det dei elles visste om Størk si hjorteskyting. Problemet var at etter Norske Lov frå 1687, var det berre lov å skyta hjort tidleg på hausten, fjorten dagar før og etter barsok (”Bartholomæi”) som var 24. august, og ikkje ved juletider. Dommen vart at Størk Liarbø i samsvar med lova måtta bøta 14 lodd sølv (ca. 0,2 kg). Det tilsvara 7 riksdalar eller verdien av tre kyr.
Det var ikkje første gongen Størk var for retten for ulovleg jakt. Åtte år tidlegare, då han var leiglending på Sæterbø, meinte futen at han skote fleire dyr ulovleg. Han svara at han hausten før hadde skote eitt dyr til sokneprest Muus som eigde garden. Men året før det igjen hadde han levert eitt dyr til tollvisitør Herman Welling i Eldøyo. Det er tydeleg at dei kondisjonerte på Stord gjerne ville ha hjortekjøt. Denne første saka mot Størk vart utsett, og me veit ikkje korleis det gjekk.
Dei to sakene finst i Sunnhordland tingbok 1710 og 1702 både skanna og som avskrift i Digitalarkivet. Jaktreglane står i Kristian 5.s Norske Lov, kap. 10:
http://www.hf.uio.no/iakh/forskning/prosjekter/tingbok/lover-reskripter/. Om jul og tidsrekning, sjå Brynjulf Alver: Dag og Merke (1970, 1981) som kan lesast på nb.no eller lånast på Stord folkebibliotek.
«Sunnhordland» 18.des 2014
Egil Nysæter

