Kommunen nytta forkjøpsretten i Gruvesaka

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Då gruvedrifta ved Stordø Kisgruber vart lagt ned våren 1968 spurde mange seg, kva no? Sysselsetjings-messig gjekk det bra, for dette var i ein periode Stord Verft hadde trong for arbeidskraft. Men kva med eigendommen? Etter ei tid kom den for sal og Akergruppa viste si interesse. Men deler av det politiske miljøet meinte at kommunen måtte bruka forkjøpsretten Dette vart ei sak som skapte engasjement i «mange leirar». Knut Walde var leiar i eit utval som konkluderte med at kommunen ikkje burde kjøpa den store eigendommen, men eit fleirtal i kommunestyre ynskte i siste liten ei ny vurdering.


I arbeidet med å få ei ny utreiing kan ein med rette seia at Stord Arbeidarparti var den store pådrivaren i 1971, sjølv om veteranen frå Gruo, Erling Evanger hadde eit anna syn. Eit hurtigarbeidande utval med Hans O. Gravdal som leiar, og Husum, Djuve, Tufteland og Karlsson som medlemar fekk oppgåva til å vurdera saka på nytt. Som ein del av innsamling av minnestoff gjorde eg digitale opptak med nokre av aktørane i «Gruvesaka». Hans O. Gravdal fortel om ein svert aktiv periode om møter i departementet, synfaringar og verditaksering av bygningsmassen. Etter ein kort, men intens arbeidsperiode var «Gravdalutvalet» sin konklusjon klar, kommunen burde bruka sin forkjøpsrett og tileigna seg eigendomen til Stordø Kisgruber.

Etter dette starta ein intens lobbyverksemd frå aktørane som meinte at Fred. Olsen sitt selskap, Stord Verft, burde få kjøpt gruveeigendommen. Sjølv var eg både tillitsvalt ved Stord Verft og kommunestyremedlem på denne tid og hugsar godt presset frå industrigiganten sine «forlenga armar». Mellom anna vart me som var i kommunestyre kalla inn til møte med generaldirektør Onarheim. Bodskapet var at fekk ikkje Stord Verft overta eigendommen, så såg det «svart ut» for hjørnesteinsverksemda. I opptak eg har med Torbjørn Haga fortel han om det «utidige presset» og lobbyverksemd han og Magne Vikanes i Krf. opplevde. Både i partigruppa og av lobbyistar vart det teke ille opp at dei braut ut og ville at kommunen skulle nytta forkjøpsretten og sikra seg eigedommen for 2.2 mill. kroner. Børtveit kraftstasjon kjøpte SKL for 850000 kroner. «Eit vedtak eg i etterkant har vore kry over», sa Torbjørn. Her fekk kommunen hand over stort område for bustadbygging, bygningar som vart vidareselde, kaiområde og eit stort skogområde. Senterpartiet var representert med Oskar Dahl og Per Høyland som begge meinte at kommunen mått få hand over området. Avstemminga med namneopprop viste at 19 stemte for å nytta forkjøpsretten mens 16 stemte mot.


Vedtaket om å nytta forkjøpsretten vart den gongen banka i gjennom. Mindretalet anka vedtaket til departementet, men anken vart avvist. Me hugsar at Arne Knutsen vart tilsett som dagleg leiar for drift. Ein «bulldosar» som fekk mykje utført på kort tid, bygningar vart selt til rimeleg pris og andre bygningar jamna med jorda. Det heiter at ein ikkje kan laga omelett utan å knusa egg, og slik var det òg i denne saka. Men etter 50 år innser dei fleste frå begge politiske sider, at kjøpet og bruken av forkjøpsretten i desember 1971 var fornuftig og eit viktig vedtak. Nye areal har vorte planerte, bygningar reist og flotte bustadområde tilrettelagt. Ja, i dag har Litlabø-området vorte eit av Stord sine finaste turområde med traktorvegar, stiar og gapahukar.

 

Munnlege kjelder:        Hans O. Gravdal- (1934 – 2014)

                            Torbjørn Haga (1927-2019)

Skriftleg kjelder:           Stord frå steinalder til oljealder- 2006 v/ Yngve Skjæveland


«Sunnhordland» 11.november 2020


Oddbjørn Kvålsvold