Mina sin gris fall for ei tysk kula
Mange hugsar Rasmine (Mina) Klette (1899 – 1980) som kom frå Kvinnherad til Stord i 1941, og var kjøkkensjef på Kjøteinen. Kjøkkensjefen var myndig, ja, nokon vil seia at ho var streng. I eit intervju «Systemposten» hadde med Klette, fortel ho om travle dagar på kjøkkenet, som var i 2. etasjen over den tidligare maskinverkstaden. Kantina var populær, og det vart laga til og servert middag til 3-400 personar pr. dag i periodar. Om ettermiddagen var det ofte opp mot 100 personar som fekk kaffi og smørbrød før dei tok fatt på overtidsarbeid, fortel kjøkkensjefen, som hadde 17 medhjelpar. Mina som ho vart kalla, fortel om svoltne middagsgjester og nemner spesielt læregutane. Sjølv var eg ein av dei som såg fram til middagen hjå Mina i mange år, og kan stadfesta at det vart snart tomt i skålene på «læregutbordet». I intervjuet fortel kjøkkensjefen at det var store kvanta som gjekk med til middagslaging når dei forskjellige rettane skulle serverast, 200 kg. fisk, ei heil sildetønne, 125 kg. pølser eller 2000 kjøttkaker.
Men slik var det ikkje i den første tida Mina Klette tok til som kokke på Kjøteinen. Fisk og sild var det bra tilgang på, men kjøt var mangelvare. Rasjonering og vanskar med råvarene førte difor til at AS Stord byrja med oppdrett av griser. Desse vart plasserte i ei innhegning ved sildoljefabrikken og fóra med kjøkkenavfall og sildemjøl. Då ho tok til med kjøkkentenesta i 1941, var det berre 17 middagsgjester, men dette auka raskt, så eigenprodusert grisekjøt og flesk kom vel med for å få variasjon i tilbodet.
Ei soge om grisene som skulle gje matauk til Mina sine kantinegjester fortalde Reidar Onarheim meg. Han byrja på Kjøteinen i 1941, og gjekk ofte nattevakt i krigsåra. Rundane gjekk langs kaiområdet og inn mellom bygningane for å oppdaga og sikra mot branntilløp eller «ubodne gjester». Ei natt han hadde pause på kontoret ved sildoljekaien, kom ein tysk patruljebåt sigande inn vågen og la seg til ved kaien framføre han. Etter ei tid kom to tyske soldatar på land med våpen og gjekk opp bak fabrikken. Reidar fortel at han ringte til leiar og informerte om at to væpna soldatar var på veg opp mot griseinnhegninga der 3-4 griser var plasserte. Då Reidar kom ut, høyrde han eit eller to skot frå området. Han gjekk opp mot innhegninga og møtte dei to soldatane som kom dragande med ein av grisene på veg til vaktbåten. Reidar minnest at det etter kort tid kom tyske offiserar frå Bjelland batteri, som saman med leiarar frå AS Stord, gjekk ombord i vaktbåten. Kva som vidare skjedde med soldatane, visste han ikkje, men grisen hamna i grytene til Mina Klette og vart servert til middagsgjestene på kantina.
Skriftleg kjelde: «Systemposten»
Munnleg kjelde: Reidar Onarheim ( 1919 – 2012)
Sunnhordland» 017.10.17.
Oddbjørn Kvålsvold

