Leirvik mek. verkstad

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Grunnleggjaren av Leirvik mek. verkstad, Karl Gulliksen, kom til Leirvik og leigde seg husvære i 1894. Han kom frå Stavanger, der far hans hadde urmakarforretning. Sjølv lærte han urmakarfaget av far sin i oppveksten.  Som nykonfirmert byrja han i maskinlære på Bryne og vart seinare sjømann i to år. Etter sjølivet arbeidde Karl Gulliksen ei tid ved Stavanger støyperi og dokk, men som 20 åring tok han vegen til Stord og byrja som urmakar på Leirvik.


I ein artikkel frå 1926 skriv Kristofer Sydnes, at unge Gulliksen ikkje trivst i urmakaryrket og ville i staden satsa på båtmotorar. Han etablerte ein liten verkstad nede ved sjøen og laga sjølv teikningar og modellar med tanke på motorproduksjon. I 1909 kjøpte Gulliksen strandlinje på skotabergsida. Her bygde han nytt fabrikkbygg og dreiv produksjonen av motorar.


Arbeidsstokken som var tilsett ved Leirvik mek. verkstad dei første tiåra av 1900- talet varierte. Men den kom opp i 17 – 18 arbeidstakarar i periodar, og var såleis ei av dei største verksemdene på Leirvik.


Ein av informantane mine Alf Hjelmen, som byrja i arbeid hjå Gulliksen i 1942 fortel: «Det var vedlikehald av motorar og fiskeskøyter som var hovudaktiviteten i krigsåra, for støypegods til nye motorar var ikkje og oppdriva. Fiskarane måtte ha løyve av styresmaktene for å få utføra vedlikehald på båt og motor. Ekstra spennande var det dei gongene Gestapo var på husransaking. Eg visste om at Gulliksenbrørne var med i Heimefronten under leiing av Helgesen. Difor var vi alltid på vakt. Hugsar det var tillaga dobbelbotn nede i nokre dreiebenker, der det vart lagra revolverar. I eit innskuddgolv var det gøymt 4 Krag- Jørgen gjever. Radioen som dei lytta på London med, og ein eldre delradio, vart lagra på eit loftrom Etter krigen starta produksjon av nye motorar opp litt etter kvart. Etter krigen vart 3 Hk spesiell populær i Nord Norge, den eine serien på 10 stk. etter den andre vart sett i produksjon»


I 1950 åra var det fire av sønene til Karl Gulliksen som dreiv verkstaden, Rolf, Otto, Finn og Håkon. Rolf var kontormannen med ansvar for den daglige drift og teikningar, Otto var rekneskapsmannen, Finn hadde verkstaden og Håkon hadde ansvar for smia, galvaniseringa og slippane. Arbeidsstokken i denne tidsbolken var Alf Hjelmen som hadde hovudansvaret for maskinmonteringa, Hans Hauan var spesialisten på monteringa av 3 hk., Vidar Djuve for brennstoffpumpene, Einar Huseth og Alf Koppang nytta dei større dreiebenkene. Peder Vågen var spesialisten på dreiing av små delar, som nipplar og muttrar. Vågen nytta ein amerikansk revolverdreiebenk som kom frå overskotslager og var nok ein del av Marshallhjelpa etter siste verdskrig. Gjert Spissøy var skipstømrar og fekk oppdraga med skifting av skipsplankar og trearbeid, men han utførte og mykje av arbeidet i smia, for å nemna nokre. Leirvik mek. verkstad hadde to slippar og den største kunne ta på land stålbåtar opp til ca.100 fot. Forsvaret var fast kunde hjå Gulliksen og mange minesveiparar fekk akslingstrekk eller vart klassa på slippen deira.


Vedlikehaldsarbeidet på slippane, av tre eller stålbåtar, var ein viktig del av drifta. Men maskinparken vart etter kvart gamal og kvalitetskrava vart vanskelege å oppfylla. Det var og mange av dei beste fagfolka som fekk seg nytt arbeid, der timeløna var monaleg høgare. Siste motoren vart levert i 1964 og i 1980 slutta verksemda av. Ein viktig epoke av industrihistoria i Leirvik var slutt. 


Skriftleg kjelde: Kristoffer Sydnes, « Tiltak og Arbeidsliv» – 1926

Munnleg kjelde, m.a.: Alf Hjelmen f. 1923


«Sunnhordland» 28 oktober 2019. 


Oddbjørn Kvålsvold