Læregut i Gruo

Foto: Privat

Gruva på Litlabø var i mange år Stord si viktigaste opplæringsverksemd. Her var det mange flinke fagfolk innan dei forskjellige yrkesfag og fleire av forteljarane mine fekk si grunnopplæring ved Stordø Kisgruber. I tillegg til bergverksfaget var smed, mekanikar, tømrar, elektrikar og røyrleggar viktige medspelarar for å halda gruvesamfunnet i drift. Kurt Nysæter er ein av dei som fekk si grunnopplæring i Gruo. Men først hadde han ein kort periode på anleggsarbeid.

I ein samtale fortel Nysæter om då han vart beordra til arbeid på Osternes festning som tyskarane starta bygging av i 1940. Kurt fekk tildelt ansvaret for å sjå til ein kompressor, men jobben vart kjedeleg, og han trekte bort til nokre tømrarar som dreiv med brakkebygging. Dette såg ansvarleg «kommandant» og ungguten vart trua med pistol og fekk eit «spark i revo». Slik handsaming godtok ikkje Kurt, så han gjekk på brakka og pakka saman sakene sine og reiste heim til Nysæter. Men han var ikkje trygg for fylgjene av opptrinnet.


Far til Kurt, Jørgen O. Nysæter (1889 – 1947) hadde på denne tid arbeid ved arbeidskontoret på Leirvik. Kurt meiner at det var faren som påverka saka. Osternes- affæren roa seg ned og han fekk læregutjobb ved Stordø Kisgruber. Her fekk Kurt ei allsidig og god opplæring i røyrleggarfaget med Lars Sørhus som læremeister. Han var med på installasjonar i husa til ingeniørar og leiarar, husa til arbeidarane hadde ikkje røyropplegg på denne tid. Vidare var det røyrmontering og vedlikehaldsarbeid rundt om på verksemda, servise- og reparasjonar av sentrifugalpumpene som vart nytta for å halda gruvegangane fri for vatn, hadde prioritet.

Som kjent vart drifta i ein periode stansa av det britisk-norske commandoraidet i januar 1943. Då vart mellom anna heismaskineriet, grovtyggaren og kompressorane sette ut av drift. Åtaket førte til stans i produksjonen fram til mars 1943, skriv Per Ivar Tautra i boka om Gruo.


Kurt hugsar at raidet førte til at nye arbeidsoppgåver måtte prioriterast. Han fortel om reparasjon av dampsentralen og strabasiøse turar ned i gruva for å sjå til pumpene. Før hadde dei nytta heisen som tilkomst, men etter raidet måtte han gå i titals på titals med stigar.



Gamleheisen var framleis intakt, men den var i dårleg stand og hadde liten kapasitet. Kurt fortel at han kvar dag måtte klatra i stigane ned heisesjakta for å sjå til pumpene. Oppturane frå 450 meter nede i gruva er sterke livsminne frå arbeidslivet. Å entra opp frå 9. sole, ca. 1500 trinn i stigar, dag etter dag, vart slitsamt. Vidare minka det med folk i gruvegangane i denne perioden. Dette skuldast at Direktoratet for fiendtleg eigedom som drifta gruva etter tysk kapitulasjon, vedtok at alt arbeid ved Stordø Kisgruber skulle stansa. Det var berre lensing av gruva og vedlikehald av anlegget som skulle utførast. Kurt hugsar at han sjeldnare og sjeldnare såg folk på sine vandringar ned til pumpestasjonane. Jobben vart fysisk tung, stussleg og einsformig og Kurt bad difor om å få slutta av arbeidsforholdet fredsåret 1945.

 

Munnleg kjelde:           Kurt Nysæter f. 1923

Skriftlege kjelder:           Per Ivar Tautra: Nye og gamle spor i Gruo – 2008

Øyvind Bjørnson: Gruva -1991


«Sunnhordland» fredag 14. august 2015


Oddbjørn Kvålsvold