Tvangslevering frå gardane
Under 2. verdskrig måtte gardane levere varer til okkupantane og lokalsamfunnet. Det var kontrollører som reiste rundt på vegne av Forsyningsnemnda i kommunen, der Finn Haga (1898-1983) var leiar. Desse målte opp driftsareal og påla innlevering av både kjøtt, korn og andre livsviktige forbruksvarer. Torbjørn Haga som vaks opp på ein gard med 40 mål innmark og 100 mål utmark, har fortalt meg om leveransane til krigsherrane og Stordsamfunnet i krigsåra 1940 -45.
På heimegarden til Torbjørn i Haga, var det god kornjord og mykje av arealet vart brukt til kornproduksjon i okkupasjonsåra. Jordsmonet egna seg godt til både bygg, havre og kveite og mogent korn vart skåren med sigd. Kornbanda vart samla i rauk på tretten band og seinare tredd på kornstaurar med aksa vendt mot sør. Det trettande som ein hatt på toppen. Etter tørke ute og tresking på låven, vart avlinga delt etter pålagt tvangslevering. Kvantumet Forsyningsnemnda kravde vart transportert til Frugård Mølle, ein del vart sett til side til eige hushald på garden og såkorn for komande år. Men Torbjørn hugsar og at han var med far sin å skar ut lagringsplass for nokre sekker korn i løa. Med ein høykniv skar dei ut holrom inne i høystålet, der nokre sekker korn vart mellomlagra. Desse vart seinare transportert i «mulm og mørke», til møllaren i Frugården og foredla til mjøl. Torbjørn hugsar at det mellom anna var ein enkemann i Bergen, som faren sendte mjøl til. Mange mjølposar vart transportert til Klingenbergkaien, der styrmannen på dampbåten sytte for vidare transport til Bergen.
Produksjon av poteter og grønsaker, var ein viktig del av gardsdrifta og kosthaldet i dei fem krigsåra. Volumet av potetbingen vart oppmålt og registrert. Avling og leveransar var under kontroll og kunn poteter til hushald og såpoteter vart helde utafor Forsyningsnemndas styring.
Ein gong vart foreldra til Torbjørn pålagt å levera ein viss mengde kjøtt til tyskarane. Dei hadde på denne tid ein hest på 27år, som var utsliten og lite tess. Faren Johannes Haga (1889-1946), gjorde da avtale med Ola Vatna, som og hadde fått pålegg om tvangslevering av kjøtt. Gamlehesten i Haga vart slakta, og kjøttmengda frå dei to gardane vart levert okkupantane som «prima varer». Som ein del av avtalen mellom Vatna og Hagabonden, var at dei skulle få låna ungehesten på Vatna i ein overgangsperiode, fortel informanten min.
Torbjørn hugsar og ei anna historie om tvangslevering av hest. Det var ein bonde frå Mauranger, han var pålagt å levera hesten sin på Leirvik til tyskarane. Mor til Torbjørn hadde vore på Voss og kom ut frå Granvin med fjordbåten. Ho kom i snakk med denne bonden frå Mauranger, som hadde fått påbod om tvangslevering. Mannen mangla både husrom til seg og hesten til overleveringa skulle finna stad. Men den hjelpsame bondekona visste råd, ho tok både mannen og hesten med seg heim til Haga. Slik fekk både mann og hest husrom til dagen etter.
Munneleg informant: Torbjørn Haga f. 1927
Oddbjørn Kvålsvold

