Referat frå årsmøte 2026
Årsmøte i Stord sogelag (org.nr.996 829 405) vart halde 9.03.2026 kl.19.00 på Sunnhordland museum. Møte med foredrag starta kl.18.00.
Skriftleg innkalling vart sendt ut på e-post den 10.02.26, og påminning vart sendt på e-post den 03.03.26. Det vart også informert om årsmøtet på Sunnhordland si side «detskjer.sunnhordland.no», og på sogelaget si facebookside.
1. Opning -velkomst- val av møteleiar – val av referent – val av to medlemar for underskriving av årsmøteprotokollen.
- Leiaren i laget, Odd Stuve Rommetveit, ynskte velkommen til årsmøte.
- 35 medlemar møtte.
- Jens Litlabø vart vald til møteleiar.
- Ingrid Nysæter Mongstad vart vald til referent, og Åse Stautland og Terje Stensletten vart valde til å godkjenna og skriva under referatet.
- Innkalling og sakliste vart godkjent.
Vedtaka var einstemmige.
2. Årsmelding for året 2025
Årsmeldinga vart sendt ut til medlemane i e-post 10.02.26.
Årsmeldinga vart vist på skjerm og leiaren, Odd S.Rommetveit, gjekk igjennom og refererte hovudpunkta.
Det kom ikkje fram merknader til årsmeldinga. Men det vart gjeve tilleggsinformasjon under pkt. «Hatland skule». Kjellbjørg Lunde informerte om venelaget sitt innspel til Stord kommune der dei utfordra kommunen om å gjere omdisponering av noverande bruk av uteområdet . Det er framleis inga løysing vedr. denne saka.
Vedtak: Årsmøtet godkjente årsmeldinga for 2025.
3. Rekneskapen for 2025
Rekneskapen for 2025 vart gjennomgått av leiaren, som også har hatt kasserarfunksjonen. Den syner eit overskot på kr 17671,- etter inntekter på
kr 145 013,- og kostnader på kr 127 342,- Dei største inntektene kjem frå medlemskontingent og sal av årsskrift. Største utgifta er trykking av årsskrift. Rekneskapen er revidert av valt revisor, Eli Lillebø, og funnen i orden.
Årsmøtet godkjente rekneskapen utan merknader.
4. Medlemskontigent 2027
Framlegg frå styret om uendra sats. Kr. 300,- pr. år pr. medlem.
Vedtak: Årsmøtet godkjente dette.
5. Forslag til årsmøtet 2026 – Ingen innkomne saker
6. Val av styre. Innstilling frå valnemnda
Av styret sine medlemar er fylgjande på val:
- Leiar (val for 1 år)
- Styremedlem (2år)
- Styremedlem (2år)
- Styremedlem (1 år)
- Varamedlem (1 år)
- Varamedlem (1år)
Valnemnd: Åse Stautland-leiar, Tore Preshaug – medlem.
Leiar i valnemnda la fram innstillinga frå valnemnda.
Odd Stuve Rommetveit sa seg villig til å fortsetje som leiar.
3 styremedlemer, Eline Bruntveit, Einar Bjelland og Ingrid N. Mongstad, seier frå seg attval .
Årsmøtet valde inn ein styremedlem for 1 år.
I samsvar med vedtektene så er det kun to styremedlemar som skal stå på val kvart år. Dette for å få kontinuitet i styret.
Valnemnda si innstilling til nytt styre i Stord sogelag for 2026, var einstemmig vedteke.
Leiar: Odd Stuve Rommetveit (valt for 2026)
Styremedlem: Gunnar Strand ( ikkje på val, valt for 2025-2026)
Styremedlem: Egil Haraldsen (valt for 2026 – 2027) 2 år, ny
Styremedlem: Inge Øpstad (valt for 2026- 2027) 2 år, ny
Styremedlem: Åse Stautland (valt for 2026)1 år. Kandidaten var forslag frå årsmøtet. ny
Varamedlem: Eddie Flatås (valt for 1 år) ny
Varamedlem: Gerd Langeland (valt for 1 år) ny
Styret konstituerer seg sjølv, i samsvar med vedtektene.
7. Val av revisor
Årsmøtet foreslo medlem, Tore Knudsen, til revisor for 2026. Han tok på seg oppgåva og valet vart einstemmig godkjent.
8. Val av valnemnd
Ny valnemnd vart ikkje valt på årsmøtet. Det blei foreslått at det nye styret finn kandidatar til ny valnemnd .
Dette forslaget vart einstemmig godkjent.
9. Val av skriftstyre 2026
Turid Tresselt Melheim og Åsta Lorentsen, er medlemar i skriftstyret pr.idag. Begge to seier seg villige til å fortsetje med dette arbeidet vidare.
Årsmøtet godkjente einstemmig val av av begge kandidatane for 2026.
10. Drøfting av vidare arbeid framover
Programmet for rusleturar og event. medlemstur, er ikkje klarlagt endå. Men styret har planlagt at årets fyrste rusletur skal vera i samarbeid med Industrimuseet på Aker Solutions. Her er planleggingsarbeidet starta, og ein reknar med at turen vil verta gjennomført i siste halvdel av april-26. Når turprogrammet er klart, vil det verta annonsert i god tid på førehand.
Medlem,Tore Lande Moe oppmoda styret om å sjå litt nærare på eit lokalt kulturminne ved Møllebrua, Havregrynssteinen. Det er også to møllesteinar som er plassert på Rommetveit. Her foreslo Kjellbjørg Lunde at det nye styret tek ein synfaring for å vurdera event. vidare engasjement i denne saka.
Leiar, Odd S. Rommetveit orienterte Årsmøtet om sogelaget sitt samarbeid med kommunen vedr. minnesmerket ved Hatland skule. Dette er minnestein med plankett som er sett opp for å heidra John Hatland (1924-1944). Hatland gjorde stor innsats under andre verdenskrig.
I år hadde sogelaget gjort avtale med Johanne Øvstebø Tvedten for å halde eit foredrag før årsmøtet. Johanne kom og framførte ei god historie som handla om Per i Dosi. Årsmøtat vart rivne med av den gode forteljaren som så levande med fakter og mimikk fortalde om Brite-Per, etter ei bok av Jens Tvedt.
Før årsmøte var det matøkt, der det vart servert kaffi,snittar og twist.
Stord, 10.03.2026
Referent: Ingrid Nysæter Mongstad
Referat Godkjent:
_____________________________ ___________________________
Åse Stautland Terje Johan Stensletten

