
KORT REFERAT FRÅ 3. RUSLETUR 2026 24. august
I godt brukande seinsommarvêr møtte om lag 70 tilhøyrarar fram i Podlen. Turleiar Gunnar Strand orienterte om kor turen skulle gå og kva me ville få sjå og høyra.
Langs Vass-Podlen var det kun korte orienteringar. Først litt om Podlen som gamalt plass, og deretter om Clausen sitt gamle bakeri og ein tidleg ilandføringsstad for den pram-frakta Litlabø-kisen, på veg til Grunnavågskaien.
Nede i Skepavikjo såg og høyrde me om utviklinga frå ein grunn våg til utfyllt og utbygd areal for bygg og arrangement. Den mest omfattande orienteringa fekk me i hjarta av sjølve Sagvågen. Der var og er mange ulike bygg, kvar med gode historiar og mangeårig drift. Stor spennvidde, må me ha lov og sei. Bakeri, krambu, tekstil, mat, byggjevare, ferjeleie og ulike servicefunksjonar. Mykje er endra no, med mindre butikkar og meir service- og hobbylokale. Asbjørn Aasheim kan alt om Sagvåg. Han supplerte turleiaren med namn, årstal og drivarar, alt med overtydande detaljkunnskap.
Vidare gjekk turen bortover mot utlaupet av elva frå Storavatnet, og oppover langs stryket. Der såg og høyrde me kva vasskraft kan og har vore nytta til. Eldste spor etter drift der kan sporast attende til 1500-talet. Høgst truleg Stords eldste «industri-drift.» No er det att kun eldre bygningar og ruinar etter fordoms drift.
Ruslarane gjekk vidare, heilt til utekaféen til Bistroen, ytst i «Sagvågsgata». I flottaste solskinet fekk me høyra Reinert Valvatne fortelja soga om all drift familien og forfedrane hans har drive med. Ei lang, interessant og imponerande soge, sterkt medverkande til at det gamle stadnamnet Fuglesalt vart endra til Sagvåg. Lars Åge Myhre fortalde om kva Myhre-familien har bygd, etablert og drifta. Storslege det også. Han avrunda med kva som no er i gang og vidare planar.
Tilhøyrarane koste seg storleg, med kaffisup og knaskemat, omgjevnen av den flottaste utsikta du kunne ynskja. Mange takk til turleiar, alle bidragsytarane og vertskapet på Bistroen. Ta gjerne ein Sagvågsrunde på eiga hand. Det er ein nydeleg stad.

