Utfordrande skuleveg og mykje pugging og song

Foto: Privat

Mange av dei eldre har fortald meg livsminne frå skuletida si i Stordskulen, ei tid og ein skule som er monaleg annleis enn den våre barnebarn og oldebarn får oppleva. For dei fleste er minna frå denne tida gode og kjekke, for dei vonde er nok trengde langt bak i hjernebarken. Skuleminna eg vil skriva om denne gongen, er frå Nordbygda.


Olav Hetlesæter vaks opp under fjellet på Hetlesæter og hadde ein utfordrande skuleveg. Dei to første skuleåra gjekk han til Rommetveit, men seinare til Agdestein. Olav fortel om lærarinna si ved Agdestein skule, Eli Hannisdal, som han meiner var ein svært god pedagog. Olav som sjølv tok lærarutdaning , fortel om lærarinna som kom syklande på skrale grusvegar frå Hystad, men som hadde overskot til å vera med på uteaktivitetar med elevane. I undervisninga av dei sju elevane på ulike klassetrinn fekk dei eldste prøva seg som «hjelpelærarar» , fortel Olav, noko han meiner var med å gav ei effektiv læring for dei samla klassetrinna. Heimeleksene med puggetrening av tekstar og salmar utanåt gav øving og kunnskap som elevane hadde stor nytte av seinare i livet, meiner den pensjonerte læraren.


Torgils Engevik som budde på Øvre Eskeland, fortel om ein skuledag der ein song mykje og pugging var ein del av det pedagogiske opplegget. «Himmelske fader» og «Med Jesus vil eg fara» var faste opningssongar i skulane på denne tid, og salmevers og songar vart innøvde som puggeleke heime. Lærarinna Bjørg Stuland i førsteklassen utnytta skuledagen godt, men i friminuttane var det leik og moro og dei slo mykje ball. Skuleåret var tilrettelagt med fri annakvar veke. Torgils fortel at songkunnskapen og puggeleksene frå grunnskulen har vore til stor nytte seinare i livet. Ja, songane som vart innøvd i «friveka», er ballast som han har hatt stor glede av gjennom eit langt liv.


Torgils Engevik tok til i småskulen på Rommetveit i 1936. Skulle han fylgja «storvegen» frå Eskeland til Rommetveit, var vegstrekka 3,5 kilometer, men som oftast gjekk dei snarvegen gjennom marka. Han minnest at Orrestegsbekken kunne vera vanskeleg å passera haust og vår, men dei visste råd. Dei klauv på gjerdet over den flaum store bekken, med godt tak i toppstrengen. Lenger nede var det og ein plass som var vanskeleg å koma over, fortel Torgils. For å hjelpa på dette arrangerte ungane dugnad, – dei bar til steinar. Desse vart plasserte til trakkesteinar for å koma mest mogleg tørrbeint over bekken. For sjuåringane er dette utfordringar som enno er lagra i minnet.


Som den flinke forteljaren Torgils er, må eg ta med eit livsminne frå skuletida på Rommeteit. Lærar Arne Stuland hadde hatt ein episode med ein gut frå Grov. Som den strenge læraren Stuland var, ville han tukta han litt. Guten stakk opp trappa til 2. etg. og læraren var på veg etter han. Nett då kom rektor Eskeland inn døra, og han ville vita «kva som sto på»? Lærar Stuland forklarte at guten hadde bede han, «kyssa seg i revo». Rektor Eskeland sin kommentar var: «Ja, ja, det kan vel ikkje hasta so».



Munnlege kjelder: Olav Hetlesæter (1931-2016)  og Torgils Engevik f. 1929


«Sunnhordland» måndag 26 september 2016


Oddbjørn Kvålsvold