Sildoljefabrikken – ei god inntektskjelde
Stord Sildoljefabrikk som Teodor Onarheim og hans hjelparar grunnla i 1919 på Kjøtteinen, gav årviss inntekt til mange hushald. Tradisjonen fortel at dei forskjellige lossegjengane på 6 mann frå ymse grendelag var klar til innsats så snart vintersilda kom inn til vestlandskysten. Denne arbeidskrafta måtte vera i sine beste år, for lossing av sild var tungt fysisk arbeid og kravde sterk rygg og mykje muskelmasse. Det var mange gardbrukarar som nytta høve til ekstrainntekter i vinterhalvåret som sjauarar. Lossegjengane var etablerte i faste arbeidslag frå Kårevik, Langeland, Bjelland, Haga og Nysæter for å nemna nokre. Desse vart tilkalla over telefon med bodsending. Arbeidet deira var å få silda frå lasterommet på fiskebåten til sildekummane snarast mogleg. Dei første åra vart silda trilla i trillebårer til kummane, men etter kvart vart ho lossa med elevatorar og transportband, fortalde Werner Hagerup meg i 2012.
Det var fast tilsette som hadde ansvaret for den daglege drifta av fabrikken. Ein av desse var småbrukar Trygve Eide frå Eide nord i Langenuen. Han arbeide fast på mjøllageret, og var ein av dei som stua mjølsekker på 50 og 100 kilo i mange år. Dette er det sonen Jakob Eide som fortalde då han delte livsminne frå tenåra med meg. Som unggut var Jakob ein av dei som fekk høve til inntekt under sildesesongen i 1951. Han var då berre 15 ½ år gamal. Faren hadde skaffa han sesongarbeid som hjelpegut under leiing av Alfred Onarheim frå Kvinnherad. Jakob hugsar basen som ein gild mann, som tok godt vare på unggutane.
Transport av salt med trillebåre frå lager til elevator var faste arbeidsoppgåver. På denne tid vart silda påstrødd salt før ho vart transportert til kummar for mellomlagring. Vidare var gutane med på uttrilling av mjølsekker frå lager til kaien ved utskiping. Jakob minnest 12 timars-skifta med lossing av hå som ofte var bederva, og eimen av ammoniakk som svei i nasa. Lastene med hå vart lossa med grabb, og han hadde ansvar for å dra inn bommen med gaier. Sjølv om lukta av halvròten hå var intens, var jobben attraktiv. Her fekk gutane òg påplussa sjauartillegg på fastløna, så lønningsposen kunne mest samanliknast med faren sin.
Jakob fortel om korleis han og faren budde i ein liten båt, heilt inntil fabrikkområde. Her var det ei lita vik der ein «båtkoloni» med arbeidsfolk frå Bømlo, Fitjar og Huglo hadde fortøyd. Ein av veteranane mellom dei «reisande» var Birger Taranger frå Huglo. Han arbeidde på «sildoljen» og budde ombord i den 25-fot store motorbåten «Måsen» i 11 år. Plassmangel resulterte i at fleire båtar var plasserte utanpå kvarandre. Såleis vart nattesvevnen uroa kvar natt av skiftarbeidarar og andre som hadde hatt «landlov» og kom over båtdekka. Båten til Trygve Eide hadde ein liten omn som dei nytta til å koka kaffi og laga litt varm mat på, men middagen kjøpte dei i kantina til «Mina». Sengene var dei to langsgåande benkene i båten, og i januarkulda var det godt å fyra i omnen og få litt lunk i lugaren. Sjølv om lukta av forderva sild og blodvatn vart ein vane, var ho intens i den vesle lugaren. Annakvar helg tok dei turen nordover til Eide for «rundvask» og kledebyte. Men lukta frå sildoljefabrikken på Kjøtteinen kunne ein faktisk kjenna heilt der nord, fortel han, som la seg opp pengar til eit år på Framnes ungdomsskule denne vinteren.
Munnlege kjelder:
- Werner Hagerup – f 1927
- Jakob Eide – f 1935
«Sunnhordland» 8.10.18
Oddbjørn Kvålsvold

