Frå landnot til snurparen «Stording»
Tradisjonen fortel at båtar og fiske var ein av dei viktigaste inntektskjeldene for Sagvåg og Vikanes-området i vår nære fortid. Denne delen av kommunen har hausta mykje verdiar både på og or havet. I ein samtale med Ansgar Vikanes deler han livsminne frå då fiskarane frå Vikanes nytta landnot til fangst av vårsild i nærområdet. Det var gavlabåten som vart brukt til denne type fangst, ein båt med ein rull bak som nota vart slept ut på. Desse båtane hadde ikkje motor, men vart slepte til uthamnene og kasteplassar av eit «moderfartøy». Her låg notlaget og venta på at silda skulle søkja mot land, og etter eit vellukka kast vart nota dregen ombord i gavlabåten. Når sildestimen vart ringa inn av nota, var det viktig å halda bruket tett inn mot land, fortel Ansgar, for fann ei sild opning, så strøymde snart store dottar etter og fangsten kunne gå tapt.
Nøtene dei nytta var av bomull, og skulle ein unngå at dei forvitrast, var systematisk vedlikehald viktig. Ansgar fortel om vasking og barking av notbruket på Vikanes. Etter at landnotfisket var avslutta, vart nøtene transporterte til Voldlaneset (Notaneset) på Stokken, for kontroll og tørking. Dette var eit område som høvde godt til denne type syslar, fritt for brake og lyng og med lite henge. Til impregneringa vart det nytta ein stor stamp/kjer på 4×4 meter, og den var minst 2 meter høg, meiner han. I karet vart det blanda ut hjelpemiddel som skulle sikra mot groe og rote. På Vestlandet vart det nytta mest bork av bjørk, osp, eik, gran, desutan blåstein, fortel tradisjonen.
Ansgar Vikanes er ein av dei som har hatt sjøen til leveveg mest heile livet, og han var med snurpebåten «Stording» på storsildfisket i 1949. Fisket byrja oftast i Måløy, og Ålesund-området, og så følgde dei sildeinnsiget ned mot Bømlo og Karmøy. «Stording» lasta 3200 hl og vart klargjord for å gå til fangstfeltet straks over nyttår. Mannskapet brukte dei to første dagane til å få om bord utstyr på Vikanes før dei gjekk til Bergen og provianterte. Ansgar hugsar at ein del av provianten var ein halv «okse utan jur», som vart hengt under galgedekket. Der hang skrotten til mogning på heile turen, og kokken skar berre av passe kjøtt etter behov. Dei siste kjøttstykka vart svært møyre. Om dei hygieniske forholda på den tids fiskebåtar, fortel Ansgar, at mannskapet på 21 berre hadde to vaskefat om bord til kroppsvask. Etter nokre veker på fisket vart det ram mannfolkfukt av enkelte. Men ikkje alle tok det så nøye med hygienen, sjølv om ullunderkleda deira vart turka av kroppsvarmen dagleg.
Då fisket starta oppe ved Stadlandet, hang dei to doryane med nota fordelt i båtane og med karbidlyktene klar som arbeidslys i davitane. Spenninga var alltid stor når basen rodde ut for å vurdera sildestimane som var observerte og notbåtane var sette på sjøen. Doryane var festa saman framme og bak, men så snart basen ropte «la gå», vart fortampen sleppt. Notbåtane svinga då ut i posisjon og tauet bak vart løyst, fortel Ansgar. Båtane sleppte så nota ut etter ordre frå basen, og ho vart liggjande i ein stor ring. Kastet vart så sikra med at dei festa stropper over davitane i baugen på doryane, og snurpelina vart dregen saman i botnen til alle ringane kom opp. «Stording» kom så bort der doryane hadde slutta sirkelen og endane vart knepte opp langs sida på snurparen. For å skræma sildestimen vekk frå opninga i sluttfasen av kastet vart det nytta ei skimla (kvitmalt trefjøl) som dei sleppte ned i opninga. Ansgar fortel om så store kast med snurparen «Stording» at dei måtte be om assistanse frå andre båtar over radioen. Ja, han hugsar at dei lasta opp båten frå Vikanes med fangst frå eit kast fleire gonger.
I glansperioden for storsildfisket hende det at reiskapen (bomullsnøter) ikkje tolte sildetyngda, slik at både fangst og reiskap gjekk tapt når stimen sette mot djupet. Toppåret 1956 fiska båtane frå Vikanes og Sagvåg svært godt, skriv Asbjørn Aasheim i «Soga om Sagvåg». I boka som «historiegruppa på åtte» frå Sagvåg gav ut i 2012, vil de finna meir om fiskerinæringa som var ein viktig del av arbeid og inntekt for denne delen av kommunen vår.
Munnleg kjelde: Ansgar Vikanes f. 1932
«Sunnhordland» fredag 11. mars 2016
Oddbjørn Kvålsvold


