Det trengst ei ny busetnadssoge (gards- og ættesoge) for Stord!
For nær tjue år sidan fastsette dåverande kommuneplan for Stord at den lokale historia burde skrivast på ny, både den allmenne lokalsoga og busetnadssoga (gards- og ættesoga). Tre bøker, ”Stord frå steinalder til oljealder”, kom ut i 2005-2006, med Stord si samla historie frå dei eldste tider til om lag 2000. Den lokalhistoriske prosjektgruppa fekk så i oppdrag å halda fram med arbeidet med ei ny busetnadssoge som skal avløysa Ola Høyland si bok frå 1966. Men til no har korkje administrasjon eller politikarar prioritert denne viktige kulturoppgåva.
Endringane i landskapet i kommunen har vore store sidan 1960-talet samtidig som det har vore omfattande innflytting særleg frå andre Sunnhordlandskommunar. Å utarbeida ei ny busetnadssoga er eit stort arbeid, sjølv om i dag let seg gjera å knyta saman slektstrådane med noko mindre arbeid enn før. Internett har vore revolusjonerande for tilgang til både eldre og nyare kjeldemateriale. Det er nok å nemna Digitalarkivet som også har auka interessa særleg for slektsgransking. Hordaland fylkeskommune si kulturundersøking frå i fjor viste at det er stor interesse for lokalhistorie og slektsgransking. Av 21 interessefelt var det berre friluftsliv, film, idrett, revy/stand-up og rock som kom høgare på lista!
Kva skal så ei moderne busetnadssoge innehalda? Den skal ikkje berre fortelja historia om kvar matrikkelgard (gardsnummer) og kvart husmannsplass, men også om kvart hus med tilhøyrande personopplysningar knytt til husstand eller familie fram til i dag. Det er ei historie der alle som har butt og bur i kommunen kjem med. Minimumsopplysningar for kvar person er noverande og evt. tidlegare namn, fødselsår og evt. dødsår, saman med yrke/arbeidsstad. For inn- og utflytte vil ein ha med kva kommune eller land folk kjem frå eller har slått seg ned i, saman med tilvisingar til andre bygdebøker e.l. For den nyaste tida må arbeidet gjerast ved hjelp av opne kjelder og i samarbeid med dei enkelte husstandane, anten det er snakk om enkeltpersonar eller store familiar.
Det er planlagt fire trykte band delt slik: Huglo og Nordbygdo; Leirvik og gardane omkring; Sørbygdo; Sagvåg og Litlabø. Det er tenkt eigne grendelagskapittel før bolkane om kvart gardsområde/bustadområde og folket som har butt og bur der.
Lokalhistorisk prosjektgruppe arbeider med å få samla inn eller lagt til rette viktig kjeldemateriale. I 2008 vart også som ein prøve utarbeidd ei moderne gardssoge for gnr. 62 Petateigen. I år har prosjektgruppa teke initiativ til eit nasjonalt seminar om ”Busetnadshistorie for ei ny tid”. Det vert arrangert her på Stord om ei veke i samarbeid med Norsk lokalhistorisk institutt. Seminaret vil setja søkjelyset på kjeldematerialet i ei elektronisk tid, koma med kritiske blikk på sjangeren, ha med døme på bokprosjekt i seinare tid (Ullensvang, Vikebygd i Vindafjord) og dessutan innlegg om bygdebok på nett og Lokalhistoriewiki. Særleg interessant trur eg det vert å høyra om forskingsprosjektet ”Norsk befolkningsregister” for tidsrommet 1801-1964 der det for kvar enkelt person er tenkt lenking mellom ulike originalkjelder m.a. med utgangspunkt i Digitalarkivet.
Om prosjektet, sjå: http://www.stord.kommune.no/no/Om-Stord/Historie/Lokalhistorisk-prosjektgruppe/. Seminarprogrammet ligg på lokalhistorie.no
«Sunnhordland» 26.09 2014
Egil Nysæter

