Den 28. november 1935 opna Kaia Eide sin nye manufakturforretning i Borggata på Leirvik. Aasta frå Røssbø (gift Hidle) var då tenestejente på Rommetveit, og fekk fri den dagen for å gå på Vikjo. Ho kjøpte seg «eit ull-kjolety, for 3-4 kroner meteren.» som ho skulle få sydd kjole av. «– det var no ikkje snakk om å kjøpa ferdige klede den tida.»
Kaia Eide (døypt Kari Elisa) var fødd i 1885 på Halsnøy. I 1900 var ho heime på Eide, men ti år seinare finn me henne som «Butikpige» hos ein handelsmann på Bryne. Der, og kanskje andre stader, lærde ho så mykje at ho i juli 1920 opna manufakturforretning på Leirvik saman med Ragna Knudsen frå Bergen. Dei leigde lokale i Borggata 44.
Butikken Eide & Knudsen selde undertøy for damer, herrar og barn, strømper og sokkar, golfjakkar og påteikna handarbeid med brodergarn. Kaia vart også med i Stord husmorlag då det vart skipa i 1922, og reiste same året som laget sin representant til eit fjortendagars feriekurs for husmødre på Ås landbrukshøgskule. Butikken tok elles i mot påmeldingar til dei kursa husmorlaget sjølv arrangerte. Men i 1925 gifte Ragna seg og flytta til Bergen. Året etter vart butikken avvikla og Kaia reiste då til Sandnes der ho 27. april 1927 opna manufakturforretning under eige namn i Langgata 53. Men då forretningsmannen Rabinowitz frå Haugesund kjøpte bygget der, måtte ho flytta i 1935.
Dermed kom ho tilbake til Vikjo. Ho kjøpte tomta mellom Risans privathotell og Vattendal si forretning, i dag Borggata 23, og fekk reist eit staseleg treetasjes forretningsbygg teikna av Valdemar Hansteen frå Stavanger. Bygget var kanskje det første på Vikjo med store glasruter ut mot gata. Glasrutene kom i ein stor kasse som Kjell Berger sikra seg til hyttebygging.
Hos Kaia Eide kunne ein i 1935 kjøpa julegåver både til mor og far, og til jenter og gutar. Der var også stort utval i gardiner, slik som «norske husflidsgardiner» frå 80 øre meteren.
Kaia engasjerte seg også no i det lokale organisasjonslivet. Ved gravferda på Halsnøy i 1966 heitte det at med «sitt vinnende vesen og sin hjertegodhet fant hun sin plass i fremste linje i de humanitære organisasjoner.» Det galdt m.a. Sjømannsmisjonen, Samemisjonen og Hvite Bånd (fråhaldslag). Men også Gamleheimsforeningen og som styremedlem i Stord Kjøpmannsforening 1945-50.
Kaia trekte seg ut av drifta i 1961. Då overtok Aasta Landre og Tordis Eide Lande og dreiv butikken vidare som såkalla etterforretning, men med same namnet, til våren 1992. Kaia var tante deira, og dei hadde begge alt arbeidd lenge i butikken. Vareutvalet var sterkt endra i nyare tid. «Manufakturvarer, stoff i stuv, har me så godt som ikkje lenger», kunne dei fortelja til Sunnhordland i 1985. Folk kjøpte då for det meste ferdige klede og dessutan mykje garn til strikking.
Kjelder:
Sunnhordland sitt arkiv, Digitalarkivet og Nasjonalbiblioteket.