Hustrudalen – nok ein gong!
På ny er det meiningar om korleis namnet på denne dalen skal skrivast. Som kjent vedtok den kommunale komiteen for næring, miljø og kultur i april 2013 at namnet skal skrivast Hustrudalen, og ikkje Hustredalen. Bakgrunnen var ein lengre debatt her i bladet der stadnamneksperten Kari Lønning Aarø sette punktum med ein grundig og lærd, men lettlesen artikkel, om namnet. Men minnet er stutt ser det ut til. Difor kan det vera på sin plass med ei oppsummering om uttale, skrivemåte og tyding.
Uttale
Den nedervde uttalen av namnet er utan tvil Hustrudalen. «I vanleg tale seier ein Hustrudalen», heitte det i den gamle bygdeboka frå 1966 der namnet likevel blei skrive Hustredalen. Sæbjørn Dale hevda det same i eit innlegg her i bladet i 1994. Og i min barndom var ikkje sjeldan Hustrudalen ein fin leikeplass. Eg merkar meg at det no helst er folk med lausare tilknyting til området som hevdar at uttalen er Hustredalen. Det kjem vel helst av at namnet i snart eit par generasjonar oftast har vore skrive slik.
Skrivemåte
Namnet er skrive «Hustrudalen» både i dokument frå 1867 (der er også «Hustrudalsleitet» nemnt) og 1870, og i ei dagbok frå Dale i 1871. I dokument frå 1894 er «Hustrudalsløgen» nemnt. «Kart over Lillebø Gruber med omegn» (ca. 1916) har med både «Hustrudalen» og «Hustruviken». Dette kartet er grunnlaget for eit nyteikna kart frå 1991 med moderniserte namn slik som «Hustredalsvikjo», trykt i «Gruva. Litlabøsamfunnet gjennom 100 år», s. 16. Det er dette siste kartet det er vist til i Sunnhordland 15. juni i år, og der feilaktig rekna som bevis for at Hustredalen er rett skrivemåte. Forma Hustredalen dukka først opp i 1957 og blei så vidareført i bygdeboka.
Tyding
I den same bygdeboka heiter det om namnet at: «Det rimelegaste er at det kjem av ”hustre” som tyder kjøleg. Det bles ofte langs dalen, og det gjer at det kjennes hustre der.» Det var denne tydinga som vart lagt til grunn for å introdusera skrivemåten Hustredalen, ikkje «denlokale nedervde uttalen», slik det no står i Lov om stadnamn § 4.
Kari Lønning Aarø har i si utgreiing lansert ein annan og godt underbygd teori om opphavet til namnet. Ho skriv at «Fyrstelekken i Hustrudalen er mykje truleg sett saman av hus og trø. Namnet kan rett og slett tyda «den opptrakka stien mellom heimehusa og naustet, heimvegen.» Og ho viser til at ‘trø’ tyder trakking, trakk, sti. Hennar meining er at trakket gjennom dalen frå Petateigen til garden sitt naust har gjeve dalen namn. I tillegg må nemnast at også folk frå husmannsplasset Rutle under Øvra Litlabø hadde sin gang gjennom dalen. Hustrudalen er blitt større!
Solid sin heimebane, Nysæter stadion, ligg i Hustrudalen les me stadig i denne avisa. Til det er å seia at då arbeidet på denne banen starta i 1947, låg den på Stemmeløkjen eit godt stykke frå Hustrudalen. Ein løk er eit våtlendt område, ei myr, med sakte rennande vatn. Namnet skriv seg frå den tid Nysæter-garden stemde opp vatn frå Slåtteholsbekkjen for ei kvern i Litledalen ned mot Storavatnet. Men slik namneutviding er ikkje uvanleg; tenk på garden Leirvik som no berre utgjer ein liten del av Leirvik!
Kjelder
Kari Lønning Aarø si utgreiing står i Sunnhordland 02.11.2012: 12-13, og er saman med andre innlegg digitalt tilgjengeleg for Sunnhordland sine abonnentar. Stemmeløkjen, sjå Idrettslaget Solid 1945–1995, s. 35 (www.nb.no). Eldre dokument, sjå Digitalarkivet.
«Sunnhordland» måndag 4. juli 2016
Egil Nysæter

