Skeiderskene i Gruo
Dei fleste av oss tenkjer på gruva på Litlabø som ein arbeidsplass for mannfolk, der det vart lite nytta kvinneleg arbeidskraft i produksjonen. Men slik var det ikkje. I skeidehuset var det hovudsakleg kvinner som jobba. Desse gjekk på skift og arbeidde akkord med å skilja gråberg og kis. Skeiderskene hadde ein tung fysisk jobb som røynte på armar, skuldrar og muskulaturen langs ryggsøyla.
Den svovelinnhaldige råmalmen som kom opp med heisen, vart tippa ned i grovknusaren for handsaming. Reint gråberg vart ikkje knust, men tømt i eigen bunker ved sjakttårnet. Denne steinen vart så tappa i vaggar og transportert til bergtippen i Hustrudalen med lokomotiv. Ei av forteljarane mine, Astrid Stokken var skeiderske i fem år og hugsar godt arbeidsperioden ved transportbandet på Litlabø. Astrid arbeidde i det nye skeideanlegget som vart teke i bruk rundt 1937. Dette var plassert på pålar i nærområdet til «Grovtyggarhuset» ved sjakttårnet. Under skeidehuset gjekk jarnbanespor for oppstilling av transportvaggane.
Astrid som for lengst har passert 90 år fortel levande om minna frå skeidehuset:
« Før steinmassane kom inn på transportbandet me stod langs, var steinen som kom opp frå gruva knust og vaska. Det var to, tre kvinner på kvar sida av bandet som pitla ut gråberget som me kasta ned i nokre kassar. Desse var plasserte ved sida av oss. I enden av bandet sto ei jenta og samla opp den kisholdige steinen som låg att på transportbandet. Arbeidsbasen registrerte etter kvart som kassane vart fylte opp, og «slo dei ned». Gråberget fall då ned i vognene i etasjen under, og vart køyrt på tippen i Hustrudalen. Den kisholdige steinen vart transportert til finknusing og spyling i sjølve vaskeriet. Her vart kisen tømt i siloar før han enda på utskipingskaia. Om vinteren var steinen dekka med is og skeidehuset var kaldt og trekkfullt. Eg hugsar vintrane med naglebit og kalde føter. Arbeidsantrekket var overall og gummihanskar som me måtte kjøpa sjølve. Me lappa hanskane til dei vart stive og ubrukeleg. Lønna vart utrekna etter kor mange kassar gråberg me klarte å fylla opp på skiftet, så vi måtte stå på. Avdelinga hadde ei eige brakke der vi vaska oss og åt nista. Eg hugsar at om vinteren var det spesielt godt å koma inn i det varme matrommet til pause. I skeidehuset var det skiftarbeid. Første skiftet frå 0700 til 1530 og ettermiddag frå 1530 til 2330. På laurdag var det eit skift».
Sjølv om det var mest kvinner som arbeidde i skeidhuset, så hugsar Astrid ein mann med «litt spesiell åtferd» som var i lag med dei. Han hadde ein manisk trong til å trena på den store multiplikasjonstabellen , spesielt sjugangen. Kvar gong det var ein liten pause i drifta øvde han på gangetabellen ved å skriva i dogga på vindauga.
I gruvemiljøet var det eit klasseskilje som vart akseptert og etterlevd av dei fleste. Mange av borna vart opplærde til å stoppa opp i vegkanten og bukka eller neia når dei trefte på dei «kondisjonerte». Vidare vart det praktisert usynlege gjerder mellom områda der born kunne og skulle leika. Mange av dei eg har hatt samtalar med, fortel om gode, stolte minne frå sin oppvekst i Gruo. Kjensla av fellesskap og samhald frå barne- og ungdomsåra sit sterkt i minnet. Men nokre har fortald at på Vikjo, sa dei; «eg er ikkje frå Gruo, eg er frå Litlabø».
Munnleg kjelde: Astrid Stokken f. 1921
Skriftleg kjelde: Per Ivar Tautra: Nye og gamle spor i Gruo, 2008
«Sunnhordland» fredag 4 . desember 2015
Oddbjørn Kvålsvold

