Djupadalen – Ei trist sak

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I Bladet Sunnhordland av 13. d.m. kunne ein lesa at Stord kommune ikkje hadde interesse av steinalderbustaden i Djupadalen. At kommunen ikkje kan ta vare på alt gamalt, er eg sjølvsagt einig i. Men denne buplassen meiner eg var unik, og av stor kulturhistorisk verdi, langt utover Stord sine grenser. Jf. «Kommune- delplanen for kulturminne og kulturmiljø», vedteke av kommunestyret 26.11.09, og Detaljreguleringsplan – datert 24.11.11 for området.


For meg var det spesielt å sjå det arkeologane kunne visa fram frå funna rundt steinen.



 Men nye planer førte til store endringar. No er buplassen der nokre av dei fyrste Sunnhordlendingar reiste sine skinntelt, knust og jamna med jorda. Steinen der dei for 9500 år sidan, sat og forma sine reiskap og våpen, er vekke for all framtid. Eg stiller meg spørsmålet, var dette naudsynt?

 

Komande torsdag, 24. oktober, inviterer arkeolog Leif Inge Åstveit og gjengen hans til open dag på steinalderbustaden i Djupadalen. Utbyggjaren av Heiane Vest kostar undersøkinga som no blir gjort, for så å kunna ta i bruk den historiske plassen til byggjeland.

Ifølgje Åstveit er det både nasjonal og internasjonal interesse for funna som blir gjorde i Djupadalen. Og dei gjer mange funn, jamfør reportasjen i Sunnhordland no onsdag.

Dette er truleg siste sjanse til å sjå området der det er funne tydelege spor etter busetnad så langt tilbake som 9.500 år sidan.

Oddbjørn Kvålsvold har vore på plassen og teke bilete av arbeidet som føregår i regi av Unviersitetet i Bergen.


Lesarinnlegg i Sunnhordland 19.03.14

Oddbjørn Kvålsvold



  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button