Då DS «Austri» forliste ved Eldøyane
Eit av samtidsvitna som opplevde då kystskipet «Austri vart angripen av britiske Mosquito-fly og sokk i februar 1945, var Johannes Matre. Redselssenene tenåringen opplevde denne føre- middagen ved Eldøyane gløymte han aldri. Som han sa, «dei var der gjennom heile livet, men kom sterkare og oftare til overflata dei siste leveåra». Men kvifor hamna 16-åringen Johannes midt oppi den mest dramatiske hendinga på Stord i krigsåra?
Sildoljefabrikken på Kjøtteinen var ei god inntektskjelda for mange under siste verdskrigen og mange av dei eg har intervjua arbeidde i korte eller lenger periodar på Kjøtteinen. Johannes Matre og Odd Bjelland arbeidde med å transportera trematerialar inne på fabrikkområdet då flyalarmen gjekk. Dei registrerte raskt at båtane som låg ved kaiene for vedlikehald og reperasjon var mål for dei allierte sitt angrep. Men ungdommane visste at bak mjøllageret var det tillaga bomberom og gutane «sprang for livet» mot dette. Johannes fortel om lysglimta dei registrerte frå flya som kom inn i låg høgde og «pepra» området med maskinkanonar og granatar. Lyden av større og mindre smell som splintra treverk, glas og murar var intens mens dei sprang mot bomberommet. Johannes minnest at dei registrerte og sterk flydur og smell ute i fjorden.
Då dei kom ut etter angrepet såg dei at kystruta «Austri» seig inn mot Eldøyane med røyk rundt seg. Fleire av båtane ved kaiene på Kjøtteinen var skada av flyangrepet og dette opplevdes kaotisk og uverkeleg. Nokre ville prøva å få start på ei skøyta ved sildoljefabrikken og Johannes minnest at nokon sa den mangla startluft. Han og Odd Bjelland oppdaga ein liten robåt med to årar ved kaien, og denne tok dei og rodde ut mot havaristen. Dei la seg 20 -25 meter frå båten då dei såg at den tok inn sjø og var på veg ned i djupet. Johannes minnest at på andre sida av «Austri» var det båtar som var kome til og arbeidde med å berga folk, m.a. rutebåten MK «Aakrafjord» og «Bekkenes sin båt».
Frå hendinga er det dei sterke lydane, redselsskrika, smella og fresinga frå den skada stimkjelen som festa seg i minnet til Johannes. Vidare ser han for seg dei to jentene som kjempa for livet om bord, innelåst på lugarar. Den eine var kome med hovudet ut gjennom ein lugarventil, men kom ikkje lenger. Den andre hang fast i ei flerra i skutesida som ein granat hadde reve opp. Men etter kort tid byrja «Austli» med skrogdelen som enno var over sjøen å siga bakover og gjekk under. Då vart alt så stille, minnest Johannes.
Dampskipet var på veg til Leirvik då det vart angrepet av allierte fly i Bømlafjorden. Det var om lag 150 menneske om bord, av dei var 42 norske passasjerar og eit mannskap på 21, resten var tyske soldatar og russiske/ polske krigsfangar. Me antek at senkinga av rutebåten kravde livet til om lag 40 menneske. Når me i ettertid kjenner til kva som eigentleg hende, så er senkinga av «Austri» ein svart plett på dei allierte si krigføring. Heile bombeåtaket på rutebåten og Kjøtteinen var eit misstak, ei hending som vart eit ømtolig tema. Dei 15 britiske Mosquito-flya med 12 Mustang-fly som eskorte, var tungt væpna, på jakt etter skip i tysk teneste på norskekysten. Leiaren for toktet kjente godt til avtalen mellom den norske eksilregjeringa og dei allierte om at skip under 1500 tonn som ikkje går i konvoi skal sparast mot angrep, og DS «Austri» var på 491 bruttotonn.
- Munnleg kjelde: Johannes Matre (1927-2017)
- Skriftleg kjelde: Artikkel om hendinga v/Ove A. Olderkjær – 2015
«Sunnhordland» 2. februar 2021
Oddbjørn Kvålsvold

