Ungdom og eldre gjorde gangs arbeid i skogen
Me treng ikkje gå mange tiår attende før sal av ved var ein viktig del av innkoma for mange skogeigarar. Dei naturglade som vanka jamleg i skog og mark, såg store mengder ved som stod oppstabla og dekka til langs skogsvegane. Men no er eimen av nykløyvde famnevedskier sjeldnare å råka på etter at varmeviftene har vorte vår dominerande oppvarmingskjelde. I eit opptak eg har gjort med den tidlegare skogreisingsleiaren Arne Knutsen, fortel han om korleis vedhogsten tok av i 1970-åra og vart ein viktig del av verdiskapinga innan skogbruket.
I slutten av 1970-åra leia skogreisningsleiar Knutsen eit større aktivitetsprogram for å sysselsetja arbeidslaus ungdom og andre, med uttak av ved frå kommunale- og fylkeskommunale skogar på Stord. Stordø Kisgruber var då i kommunal eiga og gruveområde høvde såleis godt til base for dei 5- 6 ungdomane, som tok til å verka opp famneved i større målestokk. Etter kvart vart det kjøpt inn ei brukt vedmaskin frå Os, som auka kapasiteten monaleg. Arne Knutsen rosar ungdomsflokken som var med på prosjektet. Mange av dei hadde ikkje erfaring frå arbeidslivet, men med god leiing lærde dei snart å utføra gagns arbeid som viste att.
Arne fortel om ryddearbeidet ungdomane utførte ute ved flyplassen ved Stokken. Her var skogen hoggen ned og låg i «kryss og krake», men arbeidsgjengen fekk trevirket samla opp i nòtposar, sydd i Austevoll, og veden vart transportert til Litlabø. Den pensjonerte skogmannen fortel og om eit delprosjekt i Raudkleivområde i 1990, her var over 20 famnar ved stabla opp. Knutsen planla annonsering, men julehelga sette inn med kulde, så før nyttår kunne feirast, var det berre att ein halv famn, fortel Knutsen. Annonsering vart ikkje naudsynt!
Arne Knutsen som var ein aktiv skogreisingsleiar, dreiv fram mange «delprosjekt» for å kultivera og utnytta ressursane i skogen. Dei mange skogsvegane som vart planlagde og bygde i hans periode, var òg til god hjelp for oss som dreiv med ryddearbeid og sjølvhogst av ved. Når «Gutta på tur» går torsdagsturar langs skogsvegar, er det fleire som fortel om gode minne og opplevingar som ryddemannskap under skogmannen Arne Knutsen si leiing. Mange av dei 11 mila med vegar har ein standard som gjer det mogleg å køyra med bil og tilhengar for å henta ut brensel. I ein periode engasjerte Knutsen eit «pensjonistlag» som kultiverte og rydda i skogane i kommunen. Det vert fortalt at det heile tok til med at Stig Almås heldt kurs i sikker hogstteknikk og bruk av skogsreiskap. Her fekk pensjonistane innføring i bruk av både motor og ryddesager før dei vart sette til oppdrag i Dalemarka, Kattatveit og skogen på Grov.
Sjølv fekk eg i 1980-åra tildelt ryddejobb i Valvatnemarka av Knutsen. Det var ein skogsteig med grov furuskog som var teken ut, og skat og tettvaksne greiner har høg brennverdi. Det vert sagt at ved varmar mange gonger, og alle som har eiga røynsle frå oppverking av denne type brenne, har sanna ordtaket. Det vert mange «svettebyer» før me legg vedskiene i omnen, men så treng me ikkje gå på treningssenter for å styrka muskelmassen. Ja, for 30-40 år sidan var det fleire familiar som såg mon i å henta ut gratis brensel, samtidig som ein fann glede i denne type aktivitet. For mange vart skogstell og utnytting av ressursar gode minne om samhandling med familien i skog og mark med tungt arbeid og koselege matøkter.
Munnleg kjelde: Arne Knutsen f. 1934
«Sunnhordland» 24.12.18
Oddbjørn Kvålsvold

