Rusletur på Rommetveit
Stord sogelag sin siste rusletur i år gjekk i eit kulturhistorisk svært interessant og vakkert område. Rommetveitgardane er gamle busetnader på øya vår, og turen starta i tunet til Per B. Tyse.
Olav Fjell var turleiar og tok oss med gjennom det gamle kulturlandskapet, over Knappane og ned mot Klingenberg, Breivikjo og høgskulen, det historiske Stord Seminarium sitt område.
Nils Tore Gram Økland overtok som omvisar og fortalde om lærarutdanning og bygningar frå starten i 1839 i prestegarden på Tyse. Han greidde ut om mange fasar i bygningshistoria frå 1866 fram til i dag.
Den parkliknande seminariehagen er vide kjent bl.a. for eksotiske treslag . Han fungerte i si tid som ein læringsarena for studentane
Atle Bjørn Mæhle overtok som omvisar og sette Rommtveits-området inn eit historisk perspektiv frå bronsealder til i dag – med utgangspunkt i restar etter langskipsnaust og gravhaugar.
Turen vart avslutta med kaffi/te og noko attåt i skulestova frå Børtveit! Om lag 30 var med på turen.
Kaffidrøs på Børtveit skule

