Ådlandsvatnet – til hjelp, glede og gru 

Då Stord sogelag hadde rusletur i området Grimsåsen og Sagneset i vår, fortalde Tore Lande  Mo, om ei dramatisk drukningsulukke i Ådlandsvatnet nær Sagneset. Sjølv les eg om denne hendinga  i bygdeboka, « Heimar og folk i Vikebygd». Her vert det fortald om eit driftig kvinnfolk, Rakel Larsdotter fødd i 1799 i Strandebarm, som mista mannen sin i Ådlandsvatnet i 1832. Soga fortel at mannen Johan Larsson og Rakel var plassfolk frå Eidsvåg i Valestrand, men ynskte ein ny buplass. I boka står at ekteparet hadde kjøpt eit utmarksstykkje ved austre kanten av Ådlandsvatnet og tragedien skjedde då tømmeret skulle transporterast på vatnet. Dette var i ei tid, då det var vanleg å ta stovehus med seg, og setja dei oppatt på nye buplassar. Såleis vart huset deira i Valestrand teke ned og frakta med ei skute til Leirvik. Derifrå bar dei og dugnadsfolk tømmeret opp til Ådlandsvatnet for vidare transport med båt. Men under transporten på vatnet, med kona og borna i båten, drukna husbonden. Soga fortel at Johan Larsson drukna då han skulle skuve båten lenger innåt land i eit område med laus søylebotn/ mudder. 


Ei anna tragisk hending på Ådlandsvatnet fortel likkistesnikkar på Vikjo, Halvard Olai Hanson Dahle om i ei bok som familien har teke vare på. Her har Halvard i Holo som han vart kalla, sirleg nedteikna, mellom notat om utført pliktarbeid hjå grunneigar Reinert Leirvik og kisteproduksjonen; «1. november 1921. Blåste en orkanagtig storm som foraarsaket stor skade samt omkom Ole Hansen Økland i Odlandsvandet. Vinden blaaste frå norvist»


Me kjenner til at vassvegane og vatna vart nytta som ferdselsåre både sumar som vinter, slik òg då far til Per Lundemannsverk skulle byggja ny løa i 1932. Tømmeret som vart hogge i Rossekleiv, vart transportert med flaumstor elv til Ådlandsvatnet og ført vidare til saga i Frugarden. Om vinteren med trygg is vart Ådlandsvatnet nytta som transportveg av mange, men bygdesoga fortel òg om ein som aldri våga seg utpå islagt vatn. Ola Høyland skriv om plassmannen Lars frå Tysnes som til vanleg vart kalla «Ponten» og som var husmann på Åsen i meir ein 50 år. Ein plass som låg under Vatnagardane og som vart kalla Pontåsen. Tradisjonen fortel at Ponten var redd å gå på isen, sjølv om andre køyrde, våga han seg ikkje utpå. Nei, han gjekk langs vatnet på land og folk hadde denne herma etter han: «Da è be’re å gå på land i kroka, enn å liggja på vatne å ropa».


Vidare fortel dei eldste om store folkesamlingar på Ådlandsvatnet, med snødekt eller speilblank is, om kappkøyring med hest og fleire skeisemesterskap. Sjølv hugsar eg vintrar med trygg stålis, då eg skeisa langs strandlinja rundt heile vatnet. Ein rundtur på ca.5 km. Om korleis Ådlandsvatnet fungerte som matkjelda, skriv Ivar J. Helleland i bind III i bygdeboka; «her var eit framifrå fiske i si tid». Skriftleg kjelde fortel m.a. at sokneprest Peder Olsen Svegning, klaga i 1648 over det gode «fiskeriet» han mista, då han måtte flytta frå prestegarden på Nedre Ådland til Tyse. Me kjenner òg til soga om den ringe fisken som vart teken seinhaustes og salta, og som ofte vart lakebrend og elendig. «Det var sovoren fisk drengene nekta å eta meir enn to gonger i veka», fortel Ivar J. Helleland om i bygdeboka.                                                                                    


Skriftlege kjelder:

  • Heimar og folk i Vikebygd, v/ Per Ivar Tautra m. f. – 2018
  • Stord bygdebok, bind II og III v/Ola Høyland – 1966 /1973



«Sunnhordland» 21.juni 2021

Oddbjørn Kvålsvold