Minne frå konfirmasjonstid

Fleire av forteljarane mine hugsar konfirmasjonstida som eit viktig vegskilje i livet. No fekk ein rettar og plikter som ein ikkje før hadde, ein vart rekna som vaksen. Vaksenlivet tok til for alvor, og ein måtte læra seg å «stå på eigne bein». Tida som me gjekk til konfirmasjonsførebuing vert hugsa. Her kom ein i kontakt med ungdom frå resten av kommunen, knytte nye vennskapsband og mange fekk lagt grunnlaget for si tru og livssyn.


For dei som budde på plassar utan vegsamband, vart perioden da ein las for presten strabasiøs. I denne vesle artikkelen vil eg fortelja litt frå livsminna til to av dei som budde nordaust i kommunen, utan vegsamband med omverda.


Den eldste av dei, Anders Børtveit, vart konfirmert hausten 1942 , og måtte ta seg fram frå Børtveit til Agdestein på ein smal, kronglete sti gjennom Uføro. På Agdestein hadde Anders ein sykkel ståande i eit uthus, og denne vart nytta langs bygdevegen til kyrkja. Han minnest at det var mange «sure» turar på sykkelen i regn og blåst og lite tørre klede at på kroppen når han kom fram. Dei fekk lekser av sokneprest Aksel Mjøs, og desse måtte puggast til neste samling. Salmevers, dei ti boda med forklåring, trusartiklane og bibelord skulle lærast på rams. Før sjølve konfirmasjonsdagen var det overhøyringssøndag i Stord kyrkje.


Sjølve konfirmasjonsdagen vart ein spesiell dag som vert hugsa av Anders. Eit forferdeleg haustvær sette sitt særpreg på dagen hans. Familien hadde tinga ein livbåt som skulle skyssa dei til Leirvik. Då båten var komen til Grov, var stormen så sterk og sjøen tung at båtføraren våga ikkje gå lenger. Anders hoppa på land. Han hugsar at båten med konfirmantar frå Huglo våga helle ikkje å gå til Leirvik, men landsette folka på Grov.

Hjå Hallandsfolket fekk Anders låna seg sykkel og var på plass i kyrka til rett tid. Men minne om den store vassdammen som etter kvart samla seg rundt beina hans i midtgangen, vert aldri gløymt. Den nye konfirmasjonsdressen i grov vadmål, var eit stort vassmagasin som enda på kyrkjegolvet, der konfirmantane sto oppstilt på rekke. Konfirmasjonsdressen hadde stefaren Ola Børtveit bytta til seg hjå manufakturhandlar Lars Klingsheim, mot rikeleg med sigarettesker, fortel Anders.


Harry Mehammer som vart konfirmert i 1952, vaks opp på veglause Mehammar. Då han tok til med konfirmasjonsførebuinga om våren, gjekk han stien til kaien ved kraftstasjonen på Børtveit. Herifrå følgde han «mjølkeruta» som kom frå Hugo og skulle til Leirvik. Harry minnest at det var mange våte dagar, spesielt dei vekene han gjekk og las før overhøyringssundagen om hausten. På denne tid var gode regnklede mangelvare, så veta måtte tørkast av kroppsvarmen på kyrkjebenken. På ettermiddagen gjekk heimturen etter same mønster.


På denne tid las gutane for presten i kyrkja og jentene i bedehuset. Harry fortel at sokneprest Aksel Mjøs, hadde store pedagogiske utfordringar med å halda kustus på dei mest «kreative» i guteflokken på 50 tenåringar. Han hugsar nokre episodar da presten måtte leggja vekk sin «geistlege» veremåte og bruke sterke formanande ord for å takla urokråkene.


Den nye dressen som me gutane fikk til konfirmasjonsdagen, vert og hugsa som eit vegskilje i klevegen. Før var nikkersen stasplagget, men no stilte mange med dress, hatt og frakk på julefestar og på 17. mai, me var vaksne.


Munnlege kjelder:  Anders Børtveit – f.1928         Harry Mehammer – f. 1938


«Sunnhordland» fredag 25. sept 2015


 Oddbjørn Kvålsvold