Leva av å klippa andre
Den 4. november 1904 opna Hans Jacobsen ein «Barber & Frisørforretning i Snedker Johnsens Hus» (i Smio) på Leirvik. Der kunne ein også få kjøpt sigarar og sigarettar. Jacobsen hadde tidlegare vore barber i Haugesund. Planen var å ha ope tysdag og fredag, men snart var det berre tale om fredag i ein annonse med overskrifta «Forandring!». Og så vart det ikkje innrykt fleire annonsar frå Jacobsen.
Annonsane stod i denne avisa som nett har gjort heile avisarkivet frå 1902 til i dag lett tilgjengeleg på nettet. Som einaste lokalavis i landet? Det er lett å spå at tiltaket vil vera eit løft for den lokalhistoriske granskinga i distriktet. Dei fleste kjeldene i denne artikkelen er henta ved søk i arkivet.
Me kan ikkje leva av å klippa kvarandre, heiter det. Men samtidig veit me at fleire og fleire nettopp lever av å klippa andre eller yta heilt andre tenester. Barber Jacobsen synest ikkje ha hatt særleg suksess, han var nok for tidleg ute, og reiste vel tilbake til Haugesund. Få år seinare finn me han utvandra til Amerika.
Det skulle gå nokre år før neste barber og frisør dukka opp. Våren 1911 averterer Christopher Thorgersen, frå Haugesund, at han opnar salong i fotograf Kannelønnings hus. Han sikrar seg også redaksjonell omtale i avisa. Opningstida er tre timar om dagen, men heile dagen om laurdagen. «Søndag Form. er det anledning til at blive barberet i Hjemmene». Og han lokkar med barbering «efter amerikansk Methode», dvs. kort ved øyrene og i nakken. Men det hjelper ikkje. Siste spor i avisa er året etter.
Men så, 13. august 1913, opna bergensaren R. Pettersen ein ny og permanent barber- og frisørsalong på Stord. Faget hadde han lært i Bergen der det var mange frisørar. Pettersen heldt det gåande til i 1924. Då selde han salongen til Einar Hauan (1902-1975) frå Stavanger. Avisa omtalte han slik: «Hr. Hauan kan bruka både kniv og saks so handfritt at det er ikkje meir, enn du har sett deg godt til rettes i stolen, so er du ferdeg og ser ut som ein ny toskilling.» Heime i Stavanger hadde han begynt som «såpegut» då han var ni år. Etter fire års læretid starta han 18 år gammal eigen salong i Hillevåg. Hauan var ein dugande fagmann som slo seg til for godt på Vikjo. Alt i 1928 tilbaud han «Ondulation, klip, Hårvask og macage (massasje)» utført av eigen damefrisør. Sønene Frank og Kurt følgde i farens fotspor. Og då Kurt Hauan måtte leggja ned salongen i 1990, vart som han skreiv «eit viktig trekk i gatebilete» på Vikjo borte.
Etter kvart kom det fleire frisørar både på Leirvik og elles i Stord kommune. I 1957 var dei så mange at dei skipa Stord dame- og herrefrisørlaug (seinare Sunnhordland Frisørlaug). Dei første medlemene var May Mathisen, Einar Hauan, Kirsten Dahle, Borghild Ytredal, Agnes Kyvik og Reidun Koppang.
I dag skal det finnast nær 40 frisørsalongar, inkludert såkalla «kjellarfrisørar», i kommunen. Og sjølvsagt er det samla talet på frisørar langt høgare. Veksten frå den spede starten for vel hundre år sidan har i alle fall vore formidabel, sjølv når ein veit at folketalet no er fem gonger så høgt.
«Sunnhordland» måndag 24 oktober 2016
Egil Nysæter

