Ei tid med krav om heimstadrett

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Fleire av dei eg har hatt samtalar med har fortalt livsminne frå ei tid utan den sosiale tryggleiken me har i dag. I 1900 vart fattiglova endra slik at kvar kommune skulle ha sitt eige fattigstyre. Styre skulle føra forhandlingsprotokoll, dagbok, og «fortegnelse over understøttende trengende» Protokollane gjev opplysningar om kva stønad som vart gjeve den enkelte, både om fast sum og om eingongsstønad. Vidare vart det registrert tilskot til skulebøker, medisin eller hjelp ved dødsfall som er løyvt til den «understøttede verdige trengende».


Då eg gjorde opptak med Johann Belsvik i 2012, fortalde han om oppveksten sin på Stord og kor ustabil innkoma var for familien dei første leveåra hans. Faren kom frå Stjørdal i Trøndelag då han fekk arbeid ved Litlabø Kisgruber i 1927. Han vart gift med ei Sagvåg-jenta og busette seg på Litlabø den første tida. Då Johann var 4-5 år, flytta familien til Åshaugen og seinare til Borgen. I 1948 bygde dei eige hus i Sæ, og Johann var no eldst i ein syskenflokk på 5 born.


På denne tid var krav om heimstadrett (hjemstavnsrett) viktig for å få økonomisk hjelp av bukommunen. Lova hadde krav om to år samanhengande butid i kommunen før dei tok over stønadsansvaret etter «lov om fattigvesenet av 1900». Skriftlege kjelder dokumenterer lange rettsfeidar mellom kommunane om refusjon av utbetalingar til trengande med heimstadrett i andre kommunar.


Tradisjonen fortel at i dei vanskelege mellomkrigsåra vart fleire som flytta til Stord, råka av desse reglane. I ein periode med ujamn trong for arbeidsfolk ved gruva på Litlabø, vart gruvearbeidarane med 18- 19 månader ansiennitet oppsagde først, ein praksis som hjelpte kommunen med at omreisande gruvearbeidarar ikkje oppnådde heimstadrett. Johann fortel at faren var ein av dei som kom i økonomiske vanskar etter oppseiing i ei tid med manglande sosiale ytingar. Systemet var då at matlappen som dei fekk hjå fattigstyret, kunne bytast inn i varer hjå ein kjøpmann på Leirvik. Johann kjenner til at Stord kommune kravde utbetalingane til familien godtgjort av heimstadkommunen til faren, Stjørdal. I innleiinga til boka Øyvind Bjørnson skreiv om «Gruva» i 1991, fortel Erling Evanger kor krenkande og nedverdigande denne form for hjelp var.


Sjølv om innkoma til familien i periodar var ustabil, ser den aktive og samfunnsengasjerte Johann attende på ein god oppvekst. Han er ein av dei som opplevde Vikjo i ei anna tid, med hamna, kaiane og Osen som leikearena. Men området rundt Leirvik skule og parkområdet var òg revir for leik, litt ugagn og «strøjobbar». Avisbod, utkøyring av varer for «Thorbjørnsen agentur» og andre småjobbar vart det lommepengar av. Sal av bladet Sunnhordland ombord i rutebåtar som låg ved kaien var kjekt, men ein gongen gløymte han seg ut og båten la i frå. Etter ein liten tur på Vikaflè vart han sett på land. Ein pinleg situasjon som vert hugsa. Minne frå oppvekståra er ispedd mange spanande opplevingar. Han minnest at Henry Aas klaga på at røykesilda i uthuset minka så fort kvar vår. Men Henry kjente ikkje til at noko av svinnet vart grilla på Himmelberget av Johann og vener. Stort svinn var det òg når mora laga sildekaker under krigen. Silda hadde Johann bore heim på streng frå båtar som låg i hamna og venta på levering. For gutane var det «herrekost» med nysteikte kaker når dei sat og planla neste raid.

Johann fortel om spanande, men farleg leik på Naustneskaien. Han minnast Søren Hagerup si kvasse stemme då han forkynte: «no er det 5. gongen eg berger livet ditt her på kaien, men no er det slutt»!


Munnleg kjelde: Johann Belsvik f.-1929

Skriftleg kjelde: Yngve Nedrebø, «Fattigfolk» – 2005


«Sunnhordland» 17.09.18


Oddbjørn Kvålsvold