Ei anna tid med småindustri

Me eldre som hugsar 60– 80 år attende, har opplevd ei fantastisk utvikling på godt og vondt. Ikkje minst har industri og næringsliv forandra karakter, dei fleste små einingar og verksemder er vekke. Dagens produktivitetskrav og billig import frå Austen gjev ikkje rom for bygdesmia, eller verksemda som produserte stilmøblar. Sjølv om eg vaks opp i ei landbruksbygd, var det 8 små snikkarverksemder, som produserte møblar og ikkje minst «Orkdalsskap» i nærområdet. Alle desse er no vekke. Treskjerartradisjonen vert berre praktisert av nokre få hobbyutøvande pensjonistar, slik som på Stord.


Mange av dei eldre som eg har intervjua, har fortalt om ein allsidig og aktiv småindustri på Stord i sine oppvekstår. Ein av forteljarane mine, Arne Berger tok til å arbeid hjå Fjeldtveit Treindustri på Ådland i byrjinga av 1940-åra. Dette var ei av dei småverksemdene som klarte å omstilla seg til ei moderne industriverksemd.

I boka « Det norske næringsliv» frå 1952 finn eg fyljande om verkstaden på Ådland:

«Firmaet ble startet i 1921. Nåværende innehaver er Johan Fjeldtveit’s arvinger, med Edwin Fjeldtveit som bestyrer. Virksomheten omfatter fabrikasjon av alle sorter trilleborer, steintraller, stubbrytere, skafter, diverse møbler, dører, vinduer og andre trevarer».


Då Arne Berger tok til i verkstaden, vart den driven i underetasjen på bustadhuset. Arne huskar at det var få maskiner, men minnest kløyv og bandsag, avrettar og dreiebenk. Som nytilsett unggut fekk han 70 øre timen i fyrste lønninga. Tidlegare hadde han arbeid hjå Sigvald Leirvik, på Vikjo, på kol,- ved- og oljelageret. Her var løna 6 kroner veka, så lønnsauken var merkbar.


Under krigen hadde snikkarverksemda på Ådland stor produksjon av sleggeskaft, anleggsbårer og steintraller for anleggsdrifta til krigsherrane. Arne var og med og hogg tømmer til materialar som skulle nyttast året etter. Han hadde ansvar for å henta inn bandjern frå bladet Sunnhordland. Avispapiret kom ikkje i rullar på denne tid, men i store ark, pakka i trekassar med jarnbeslag rundt. Desse flate jernstrimlene vart retta ut og nytta som kantbeslag på trillebårer og steintraller. Vi skal hugsa at dette var ein periode med streng rasjonering på mest alle varer, så kreativitet og gjenbruk var naudsynt. Han meine at då han byrja på snikkarverkstaden, vart det produsert 8 anleggsbårer pr. dag, og læregutens oppgåve var å tilpassa og montera kantbeslaget og hjulgang.

Arne Berger fortel og om ei anna småverksemd, smeden på Ådland. Olaf A. Gjesdal (1891-1964) Smio var underleverandør til Fjeldtveit, og laga boltane som vart nytta til kryssavstiving på anleggutstyret.


Om «Aadlandssmidja» fortel samtidskjelder:

«Verkstedet ble startet 15.10.41 av nåværende innehaver, Olaf A. Gjesdal. Bedriften omfatter bygdesmie med allsidig smiarbeid samt prydkunst i smijern, lysekroner, lysestaker, peisredskap, bordlamper, gitterporter og annet dekorativt smiearbeid. Reparasjoner utføres av redskap og verktøy, stålsetting, vogn, kanebeslag, bilfjærer, hjulbeslag og reskap for tømmerdrift. Vedlikehold av landbruksmaskiner».



Arne Berger arbeidde hjå Fjeldtveit Treindustri i 8 år. Han fortel om bygging av verkstadlokale og utvikling av nye produkt i desse åra. I dag ligg bustadblokka Aadland Terrasse på denne tomta, og snikkaraktiviteten vart flytta til Fitjar.

 

Munnleg kjelde:           Arne Berger – f. 1923

Skriftleg kjelde:           Det norske næringsliv – 1952

Bilete frå boka «I Sunnhordland» av Finn Nitter d.e.


 

«Sunnhordland» fredag 9 . okt 2015


Oddbjørn Kvålsvold