Minne frå brugdejakt
Brugdejakt var tidlegare ei viktig nærig og inntektskjelde for kystfolket. Ein av forteljarane mine, Jan Vikanes, var med Severin P. Vikanes (1926 – 2000) på brugdejakt langs norskekysten som unggut. Dette var i ein periode med lite brisling, og fiskebåtreiaren frå Vikanes utrusta kutteren, Vårsol for å delta på brugdefiske. M/K Vårsol hadde ein 50 hk Rubb i maskinrommet.
Brugda er ein stor haifisk som tidlegare vart hardt beskatta på grunn av gode prisar på leverolja. Denne vart brukt både i maling, i kosmetikk og medisinsk. I ein periode var og finnane (loffane)svært ettertrakta eksportvare til marknaden i Asia. Brugda lever av plankton og kan verta opp til 13 -14 meter lang. I dei største fiskane var det opptil 800 liter lever. Denne utgjorde opp mot 25 % av totalvekta. På grunn av fare for utrydding vart det i 2006 innført forbod mot norsk fangst av brugde.
Jan Vikanes hugsar godt førebuinga til brugdejakta. Severin P. hadde fått leigt ein harpunkanon frå Bømlo og hyrt to vante karar frå Brandasund som mannskap. Kanonen vart bolta fast på baugen og utkikstønna montert i masta. Dette var ein eldre munnladningskanon og svartkrut vart målt opp i drammeglas i spissposar. Fyrste skotet vart gjennomført utan harpun i løpet og seinare vart det prøveskyting med harpun og mot utlagt mål på sjøen ved Vikanes. Jan fortel at harpunen dei nytta var ein lang spiss stålbolt/ spyd.
PåJan med flensekniven dei nytt midten var den flatslått med hol der forløparen, eit ståltau på 10 famnar, var festa. Enden på fangstlina av nylon vart så opp spola på vinsjetrommelen.Jan hugser at dei jakta brugda ned mot Skagen i Danmark, langs Vestlandskysten og nord til Tromsø. Det var oftast utkikken i tønna som fyrst registrerte brugda i overflatestilling, finnar som skar sjøskorpa. Da sprang alle til sin post. Når skyttaren fekk inn eit velretta skot, gjekk harpunen tvers gjennom brugda og vart liggande på tvers når dei vinsja inn på fanglina. Mannen ved vinsjen kunne så hala fangsten inn til skutesida. I denne posisjonen vart den avliva, med eit velretta skot frå mauseren i hovudet. Det hende at skotet bomma eller trefte for langt bak på fisken. Då vart det dramatiske minuttar før eit velretta skot vart plassert. I slike situasjonar slo den kraftige sporen på fisken desperat og kunne lett skada både båt og mannskap.
Når brugda var avliva, vart det festa ei lina i eine loffen for å halda ho inn til skutesida. Så vart buken spretta opp med flensekniv og levra frigjort. Denne vart teke ombord med ein flat håv som ein brukte saman med bom og vinsj. Resten av fisken vart frigjort og sokk til botnen, berre levra vart nytta i denne perioden, fortel Jan Vikanes.
Oljen vart levert hjå Rieber i Bergen og til kvalfangarstasjonen i Tromsø. Jan hugsar at leveroljen hadde ein spesiell konsistens og lækjande eigenskap. Dei hadde alltid ei bøtta med brugdeolje på dekk. Fikk dei ei rift i neven av eit ståltau eller verktøy, så duppa dei neven i bøtta og såret grodde fort.
Nokre gonger trefte dei på brugdeflokkar som gjekk og beita i raudåtdottar. Det kunne vera 10 – 15 fiskar som gjekk i ring, med ope gap og «beita». Då kunne kutteren siga inn mot flokken og dei hausta fleire dyr utan at hovudflokken vart skremt vekk.
Munnleg kjelde: Jan Vikanes – f. 1945
Digital kjelde: fiskeri.no
«Sunnhordland» 3. juli 2015
Oddbjørn Kvålsvold


