Smio og verkstaden i Gruo
I ein lang tidsbolk var Stordø Kisgruber den viktigaste og mest allsidige utdaningsverksemda på Stord i praktiske fag. For å sikra ei stødig og føreseieleg drift krev gruvearbeid gode fagfolk på eit breitt spekter av yrkesfag. Mange av dei styrande i landet har det siste tiåret prøvt å styrkja yrkesfaga etter at dei teoretiske vegvala lenge har dominert debatten. Verksemdene i Sunnhordland kan i dag hanka inn store og gode kontraktar tufta på ei grunnstamme av høgt kvalifiserte folk med fagkunnskap og tryggleik som berebjelken i åtferd.
Mange av dei eg har fått delt livsminne med fekk sin første kontakt med arbeidslivet i gruvemiljøet, men tok seinare nye vegval og skaffa seg teoretisk påfyll etter kvart. Gunnar Isdal er ein av dei som kom på lønningslista hjå gruveselskapet i 1947. Etter ei tid på lageret der Lars Jensen, Høgås og Ottesen arbeidde, fekk han jobb som hjelpegut ved dampsentralen i lag med kjente personlegdomar frå gruvemiljøet som Andreas Rekve, Horne og Olsen.
Gunnar fortel om ei spesiell god og lærerik tid i lag med smeden Sadok Risnes. Det var Risnes som hadde ansvaret for smia i mekanisk verkstad på denne tid, ein roleg og sindig læremeister som ikkje strødde rundt seg med fant og lureri. Ja, for på industriarbeidsplassane var det tradisjon å senda læregutar av stad for å henta «sleggefett» og andre finurlege hjelpemiddel. Verkstadsmeden som Gunnar var oppslagar for, hadde allsidige arbeidsoppgåver, og ungguten fekk trena inn både heilsving og halvsving i lag med dei andre fagutrykka av ein mann som kunne sitt fag. Eit av minna Gunnar trekkjer fram er Sadoks omsut for andre. Om vinteren med mange kuldegrader ute eller i periodar med vallasletta og kalde regnbyger fekk Gunnar ordre av Sadok’en om å fyra litt ekstra i essa før utegjengen på fem kom inn til matpause.
Ein som seinare arbeidde på mekanisk verkstad i Gruo, er Johannes Vetås. Han fortel om dei periodane han var mekanikar ved verkstaden. Vetås utdana seg først til masknistsjef og veksla då mellom sjømannsliv, skulegang og verkstadarbeid. Frå oppvekstår og arbeid i gruvemiljøet fekk han nærkontakt med flinke fagfolk. Ikkje minst var borsmedane i eit gruvemiljø mellom dei viktige og godt lønna arbeidstakarane. Ein god smed måtte ha kunnskap om mange forskjellige teknikkar, som å smi, sveisa, kløyve, herda og klinka for å nemna nokre. Men han måtte òg ha godt handlag, estetisk sans så vel som formsans. Videre var kunnskap om herdeteknikkane avgjerande. I dag vert borsmia nytta til utstilling ved gruvemuseet, fortel Johannes Vetås, men i hans oppvekstår var det borsmedane Olav Bjørnberg og Håkon Koppang som hadde ansvaret for å kvessa mineborane. Tradisjonen fortel at kvaliteten smeden leverte ved oppsetting av borutstyret var avgjerande for framdrift og forteneste for drivarane nede i gruva.
Johannes Vetås som er ein god hermar og forteljar, tek òg for seg smeden Olaf A. Gjesdal (1891-1964 og hans arbeidsplass nett innaføre døra i verkstadbygget. Som eg nemnde tidlegare var plassen rundt essa ein ettertrakta stad å eta nista i vinterhalvåret. Gjesdal karakteriserer Johannes som ein dugande fagmann, men òg ein som hadde hugnad med lyrikk og skjemterim. Ei av strofene smeden serverte med hendene på ryggen, mens han gjekk fram og attende rundt sitt revir var; «om vinteren har smeden mange vener,- om sommaren han ingen kjenner».
Munnlege kjelder:
Gunnar Isdal f. 1929
Johannes Vetås f. 1940
Sunnhordland» 04.10.17.
Oddbjørn Kvålsvold

