Smio på Leirvik – ein institusjon

Mange av den eldre generasjonen på Stord har livsminne frå Smio på Leirvik, og fleire av informantane mine har arbeidd i verksemda som vart driven der. Området vert framleis kalla Smio der smeden Pedersen rundt førre hundreårsskifte livnærtde seg som smed. Tradisjonen fortel at bondesamfunnet tidlegare utførte mykje smiearbeid heime, men etter kvart utover på 1900 -talet auka det på med trong for ei profesjonell verkstadsmie. I 1919 overtok Sigurd William Ingebrigtsen (1896 – 1971) halvparten av eigedommen, og frå 1946 fekk han heimel på heile verksemda.


Anker M. Gravdal vart tilsett som lærling i Smio som 16åring, med ei timebetaling på 70 øre i 1946. Han fortel at verkstadopplæringa var svært allsidig, då Ingebrigtsen dreiv med mange aktivitetar og reparerte på det meste. Det var smeden Alf Åsen som hadde ansvaret i smio til å byrja med, men då han slutta, overtok Ola Litlabø. Han var utdanna i Haugesund og var ein flink og erfaren smed. Utover smia og bilverkstaden dreiv røyrleggjaravdelinga med installasjonar mest på Stord, men dei utførte og reiseoppdrag. Sykkelen var eit viktig framkomstmiddel i samtida, så både sal og reparasjonar vart utførde. Dette var ei tid då me reparerte og tok vare på det meste, for enno var det streng rasjonering på mange vareslag. Mykje bruksutstyr vart sett i stand, slik som tetting av gamle kasserollar, sjøstøvlar vart lappa, og det var eit stort «dellager» av primusar.


Anker hugsar at han og Kåre Midtun fekk køyra litt bil inne på verkstadområdet, – og det var stas. Ikkje minst ei hending då dei skulle køyra ein bil ned frå «servisebukken» vert hugsa. Den utrente sjåføren feilvurderte sin kompetanse og bilen «fauk» over uteområdet og bykste tvers over vegen i retning hagen til handelsmann Østhus. Men den uheldige ungguten fann både kløtsj og brems i siste liten og avverja bykset utføre murkanten.


Aslaug Ege Dahl flytta til Stord då krigen var slutt for å byrja på butikken i Smio. Ho fortel at ho budde i heimen (2.høgda) til Karoline og Sigurd William Ingebrigtsen, som var barnelause og ønskte ein ungdom i huset. William, som var onkelen hennar, ville prøva å satsa meir på butikkdelen av drifta, med sal av syklar, barnevogner og andre bruksartiklar etter kvart som varetilfanget auka i etterkrigstida. Aslaug hugsar at ho fekk ein bratt læringskurve med mange nye namn og faguttrykk som ho måtte kunna. Drosjestasjonen på Vikjo hadde og tilhald ved Smio med eige rom for sjåførane. Så var det bensinpumpa ho måtte lære å bruka, ei av det gamle slaget der ein først måtte pumpa bensinen opp på eit måleglass. For ungjenta stilte som pumpevakt enkelte kveldar i veka. Eit livsminne ho har frå denne perioden var då onkelen , som var ein av dei første sjåførlærarane på Vikjo, skulle læra ho å køyra bil. Men ho køyrde aldri opp til sertifikat. Aslaug meiner å hugsa at der var omlag 25 tilsette hjå Ingebrigtsen i denne tidsbolken.


Smieområdet var ein viktig «institusjon» på fleire måtar, og for dei borna som voks opp i nærmiljøet, vart det liv og røra i Borggata når smeden fyrte opp i essa klokka sju, og gata vakna til liv. Tradisjonen fortel at gamlesmeden Alf Åsen i enkelte høve fungerte som tanntrekkar. Eg har fått fortald historia om eit medlem av forstandarskapet i banken, som kom i akutt krise på veg til bankmøte i Borggata. Mannen som kom gåande frå Utbygdo, var kledd i svart stram bukse, svarte snøresko, kvitt bryst, vest og svart skalk, samt spasserstokk med sølvhandtak . Mannen hadde fått uuthaldeleg tannverk på vegen. Han tok kontakt med Åsen og stilte seg opp med open munn. Smeden var inne og henta ei tang, og pasienten stod klar med brei fotstilling bøygd framover med begge hendene på staven. Tanna sleppte og pasienten fekk denne overlevert, reingjorde ho med lommeduken og putta ho i vestelomma.



Munnlege kjelder: Anker M. Gravdal f. 1930

                                 Aslaug Ege Dahl f. 1931

Skriftleg kjelde:   Stord bygdebok II


Oddbjørn Kvålsvold