Slakteriet på småbruket Myro i Sagvåg
I ein samtale med Olav Myhre fortel han om oppvekståra på Myro i Sagvåg og slakteverksemda som faren, Nils Andreas, tok til med på småbruket. Før faren tok over bruket i 1921, hjelpte han til på heimegarden, men arbeidde og ved skipsbyggeriet på Jensaneset. I ein periode vart hesten dei hadde på småbruket nytta til transport av folk til barnedåp, bryllup og gravferd. Faren køyrde med karjol om sumaren og kane om vinteren, fortel Olav.
På småbruket i Myro fødde dei 4-5 kyr, eit 20 tals sauer og hest, men òg gris, høns og gjess, så heimeslakting var Nils Andreas van med frå oppveksten. Difor vart det slakteverksemd han satsa på då han byrja å tenkja på ei attåtnæring til småbruksdrifta. Slaktinga gjekk føre seg på låven den første tida, men han fekk etter kvart tilrettelagt betre lokale i Myro. I Sagvåg fekk han leigt eit lite lokale av svigerfaren Osmund Jonassen. Det vart innreia med stabbe, øks, disk og vekt. Faren byrja i det små, fortel Olav. Slakta ein sau eller kalv heime på låven på fredag, og bar slaktet med seg på aksla til utsalslokalet i Sagvåg. Var skrotten for tung å bera, nytta han hesten til transporten. Den første tida var utsalet i Sagvåg berre ope på laurdagar, for folk hadde ikkje økonomi til slike «luksusmiddagar» fleire dagar i veka.
I 1936 kjøpte han ei tomt i Sagvågsbrekko av Sunnhordland Privatbank for 1000 kroner. Her støypte slaktaren opp ein kjellargrunn og la bylgjeblekk over som tak. Dette var eit stort framsteg, og han reiste no til Sauda og fekk opplæring i produksjon av pølse- og kjøttvarer. Kjøthandlaren i Sagvåg kjøpte ei gamal kvern, ein hurtighakkar, pølsestappar og røykeomn. og byrja å produsera kjøtdeig og pølsa i større mengder. Det vart etter kvart meir fart i pølse- og påleggsproduksjonen, og Nils Myhre leverte kjøtvarer til daglegvarebutikkane i distriktet. Opningstida vart utvida i takt med omsetnaden, først med onsdagsopning, og seinare heile arbeidsveka.
Då siste verdskrig kom i 1940, vart det rasjonering på kjøt, og omsetninga nærmast stoppa opp. Det vart streng rasjonering på kjøtvarer og det vart berre dei med «tungarbeidskort» som hadde tilgang på kjøt i periodar. I dei fem krigsåra fekk dei som arbeidde nede i gruva kjøpa 2 hg kjøt kvar veka, mens dei med lettare fysisk arbeid måtte klara seg utan, eller kjøpa på «svartebørsen». Eldste broren Jørgen, som seinare tok over forretninga, gjekk tidleg inn i den daglege drifta, men òg dei andre borna og mora hjelpte til. Olav minnest at den første tida vart heile slaktedyret nytta. Blod vart teke vare på og seld i spann, tarmar gjorde reine, vaska og nytta i pølseproduksjonen, og restane av innvollane vart nytta i eigen og andre sine revefarmar som mat.
Enkelte av bøndene kom leiande med slaktedyra til Myro og deltok både med avliving, slakting og ikkje minst veging av skrotten. Andre dyr vart henta både frå Føyno og Fitjar. Olav minnest ein stor okse som faren, Jørgen og han skulle henta hjå Lars Stuve d.e. på Stuvagarden. Den vesle Opel lastebilen dei då nytta til dyretransport, vart rygga på plass for opplasting av stuten. Men «villdyret» frå Stuva sette seg til motverje og tok ut i gardstunet, sjølv om han hadde både nasering og tau på frambeina. Til alt hell fekk dei surra eit av taua rundt eit tre i tunet, og det store dyret måtte i kne. Her ved treet vart stuten avliva og blod tappa før dei drog han opp på lasteplanet for transport til Myro.
Munnleg kjelde: Olav Myhre f. 1938
«Sunnhordland» 18.10.18
Oddbjørn Kvålsvold

