Me budde midt i skotlinja til Bjelland fort

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ei av dei eg har hatt samtale med om Bjelland fort er Kristbjørg Taraldsøy som er fødd i 1935. Ho var 7 år då aktiviteten ved fortet vart så truande at kvinner og born flytta vekk frå det som i dag heiter Nedre-Hagebyen. Bestefaren Christian Madsen  hadde eit småbruk der, Giljo, òg i dette huset budde sonen Karl då krigen braut ut. Som ein del av utbygginga av Bjelland fort laga tyskarane ein stor veranda i 2. etasje som dei monterte ein lyskastar/ signalstasjon på. Men onkelen Karl hadde òg ein radio gøymt forskjellige plassar i dette huset, fortel Kristbjørg. Dette var strengt ulovleg, for alle radioar skulle på denne tid vore innlevert og lagra i fengselet på Leirvik. Men radioen til onkelen var flittig i bruk i krigsåra og familien var faste lyttarar på nyhende frå London. 


Ein av dei andre sønene til Christian, Håkon, bygde òg hus i området  etter at han i 1934 hadde kjøpt eit areal på 10 mål som grensa opp mot farseigedommen. Kristbjørg fortel at det var mykje familiefolk, men òg andre leigetakarar som budde i denne husklynga. Ho nemner tantene og deira ektemakar, Hildur og Reidar Onarheim, Aslaug og Edvin Fylling. Kristbjørg meiner at det var etter den intense skytinga mot MTB båtane i 1943 at fleire av familien hennar flytta vekk frå heimane som grensa opp mot piggtrådsperringar og forbode område.  Eigedomen var i nedre kanten av Bjelland fort, og kart viser at det i dette området var utplassert landminer langs inngjerdinga til kystfortet. 


Kristbjørg Taraldsøy har skriftleg teke vare på mange av sine livsminne, som eg har fått høve til å sitera frå: 

« Eg kan hugsa at flyalarmen gjekk ofte, og då sprang me i kjellaren. Det var nifst og det var ofte om natta……Men før Håkon og Olaug var fødde måtte me evakuera kan eg hugsa. Mamma, Aslaug og eg reiste ein kald vinterdag til ein familie på Tyse, og var der ei stund. Eg veit ikkje kor lenge, for det blei visst så gale med krigshandlingane på Bjelland at koner og barn måtte vekk frå heimen vår. Og der blei Håkon fødd.


Hildur og Reidar flytta til Hystad og der vart Olaug fødd, same året. Seinare flytta mamma, Aslaug med meg og Håkon til tante Laura Eikeland på Valen i Kvinnherad. Der budde me i ei lita kjellarstova……. Heime på Bjelland budde pappa, Edvin og Reidar, for dei arbeidde på Kjøtteinen. Heile Bjelland var inngjerde med høgt piggtrådgjerde, og nokre digre støypte søyler med svære portar. Det var ingen som kom gjennom utan dei hadde pass og passersetel…….. Men eg kan hugsa då eg byrja på skulen i 1943. Då fekk  mamma og eg gå igjennom porten på veg til skulen nokre gongar. Der var alltid grønkledde tyske soldatar som stod vakt…. Soldatane marsjerte mykje. Det var både unge og gamle soldatar som song for full hals når dei marsjerte. Eg kan godt hugsa ein gamal soldat som alltid gjekk i tresko. Han var visst badesjef, for tyskarane hadde bad i ein kjellaren der Øpstad  seinare bygde hus..…»


For mange på Stord og vide med, var sildoljefabrikken på Kjøtteinen ei lukke i krigsåra. Den gav fast inntekt for nokre, og sesongarbeid for mange. Men ikkje minst var sild ei god matkjelde og vart foredla i mange variantar.  


Munnleg kjelde: Kristbjørg Madsen Taraldsøy – f. 1935


«Sunnhordland» 18. mars 2019

Oddbjørn Kvålsvold