Produksjon av piassavakostar på Fitjar

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ein av mine gode vener fortalde ein gong at han hadde vore med og produsert piassavakostar i oppvekståra. Han vaks opp på Fitjar og mi interesse for lokalhistorie vakna, og Birger Thorland måtte fortelja om farbroren som etter at han vart blind starta opp produksjonen av piassavakostar.


Farbroren Lars Thorland Vesbestad (1896-1967) vaks opp i ein syskenflokk på 10 born, der fleire reiste til Amerika. Bygdeboka for Fitjar fortel at Lars òg var der borte ein tur. Birger fortel at onkelen segla i utanriksfart ei tid, og at han gjekk på kunst og handverkskulen på Voss. Me veit at Lars vart ein flink kunstsmed og laga både smijernslampar, lysestakar og spenne. Seinare kjøpte han ein engelsk kutter som hadde namnet «Rimsvarden». Kutteren hadde mannskap frå Fitjar og gjekk i kystfart på vestlandet, den førte m.a. kvernsteinar frå Hyllestad i Ytre Sogn. Onkelen som hadde hatt problem med synet ei tid og var synshemma, fekk etter kvart så redusert syn at han måtte slutta med fraktefarten.


Etter at synet svikta søkte Lars Thorland opptak på blindeskolen i Oslo og vart elev der. Her lærte han blindeskrift og fekk opplæring i korleis ein kunne laga feiekostar med enkle hjelpemidlar sjølv om ein var blind. Den blinde Lars vart no eit ledd i produksjonen av piassavakostar, der han fekk tilsendt halvfabrikata frå ein annan leverandør og starta produksjon av kostar i «Dahlebua». Mange av unggutane i grenda fekk høve til å tena nokre kroner etter skuletid og var til god hjelp for den blinde. Sjølv var Birger fast medhjelpar og fortel korleis dei forma til og bøygde dei stive fibrane frå palmeblad. Desse vart stukke inn gjennom hola i det rektangulære trestykke og låst med hampetau i bukta på oppsida før «topploket» vart stifta på. Busta vart stussa jamlange med saksa før dei monterte skaft. Dette er ein kosttype som truleg har vore i bruk sidan midten av 1800 talet, og det vart nytta mange typar palmeblad med ymse kvalitetar før ein tok til og bruka «plastbust», skriv Wikipedia. Sjølv om samfunnet ikkje var tilrettelagt for dei synshemma og blinde slik som i dag, så hadde onkelen òg eit spesielt lommeur der talskiva var tilrettelagt med «punktskrift», fortel Birger.


Etter opphaldet på blindeskulen kjøpte Lars Thorland ein tandemsykkel som vart nytta i lag med hjelpere, og Birger og onkelen hadde mange sykkelturar. Tradisjonen fortel at tandemsykkelen òg var i bruk då Lars reiste på friarferd til Lykling på Bømlo. For på sine eldre dagar vart Lars kjent med systera til Anton Lykling, som òg var elev på blindeskulen. Ja, friarturen til Bømlo var vellykka, for Emma Lykling vart kona hans og dei bygde hus i Fitjar sentrum. Det høyrer med til soga at Emma starta butikk i Fitjar og dei eldste i bygda vil hugsa ekteparet som dreiv tøy- og trådutsal og kosteproduksjon i lokalar ved Fitjarsjøen. I lokalmiljøet vart dei kalla «tråd Emma og blinde Lars’en».


Munnleg kjelde:           Birger Thorland -f. 1934


«Sunnhordland» 17. mars 2021


 Oddbjørn Kvålsvol