Dugnad i bygda

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I tidlegare tider var det vanleg å kalla saman til dugnad når større og tyngre arbeidsoppgåver vart planlagt. Tradisjonen fortel at når materialane til nye hus skulle dragast til tuns, når tak skulle tekkjast eller gamle hus skulle flyttast eller rivast vart det arrangert dugnad. Det var oftast skyldfolk og naboar som samlast til dugnad og vertsfolket skulle syta for rikeleg med mat og drikke. Men det er og mange andre former for felles innsats og samhandling som eg har fått kjennskap til gjennom innsamling av livsminne frå eldre på Stord.


I ein samtale med Torbjørn Haga fortel han om grannar som hjelpte kvarandre for å berga avlinga. Når mørke regnskyer og torever dukka opp i horisonten og trua den tørre kornavlinga som stod på staur, hugsar han at grannar gav kvarandre ei hjelpande hand. Han fortel og at deler av vegen ned til Haga vart bygd på dugnad i 1940åra.

Tresking av kornavlinga vart ofte tilrettelagt som dugnadsarbeid i dei forskjellige bygdelag. Per Lundemannsverk hugsar at seks gardar i nærområdet gjekk saman og kjøpte nytt treskeverk under siste verdskrigen. Treskedagen vert hugsa «som ei hugnadstund» frå barneåra. Dugnadsgjengen fekk servert god middag inne i stovehuset, mens kaffimåltidet vart innteke på låven.


Dugnadsarbeidet på Nordbygda bedehus som Adolf Rongevær deltok i, var eit stort arbeid og økonomisk løft for bygda. Dette var eit prosjekt som starta opp før siste verdskrig, men huset vart først ferdigbygd i 1953. Adolf fortel om dei gode stundene han har opplevd, etter at han vart aktivt med i dugnadsgjengen. Fellesskapet i byggearbeidet og seinare drifta av bedehuset har vore ein viktig del av hans liv.


Eg vil og sitera frå ein samtale Elling Siqveland hadde med Jofrid Grødem, paktarkona på prestegarden på Stord. «Ein søndag i høyonna eit år såg det ut til å koma regn. Sidan høyet var turt og fint, måtte me nytta tida til å få høyet i hus, sjølv om det var ein søndag. Då Mjøs’n såg det, kom han og hjelpte til med å dra høyet ned frå hesja slik at me kunne få det i hus før regnet kom». Aksel Mjøs var sokneprest på Stord frå 1935 til 1961.


Arne Knutsen har fortald meg om ein annan type dugnad. Den tidlegare skogreisnings-leiaren minnest då han kalla saman til felles innsats for å få Stuveforo (Revabåsforo) fram til vegars. Fora i Stuvemarka var eit særsyn, og Arne meiner dette er det største treet som er oppmålt i skogane på Stord. Før treet bles ned under storstormen hausten 1969 har mange famna rundt storfora. Kjempa som vart oppmålt til 10.5 m3, vart dregen til leikeplassen ved tidlegare Stuve skule med 4 traktorar. Arne fortel at han kalla saman skoginteresserte 1. desember og det møtte ein stor dugnadsgjeng. Han minnes at dette var ein fin vinterdag med klaka mark og 5 -6 cm snø. Ideelt ver for å dra stortreet ut frå Stuveskogen.


Dela av treet står i dag som portsøyler ved Sunnhordland Museum på Leirvik. Porten minner oss om kjempa på 170 år som måtte gi tapt for vindkreftene 22. september 1969, men fekk ein ærefull plass på grunn av dugnadsarbeid.



  • Munnleg kjelde:
  •  Torbjørn Haga f.1927
  •  Arne Knutsen f.1934
  •  Adolf Rongevær f. 1935
  •  Per Lundemannsverk (1937- 2018)
  • Skriftleg kjelde:
  • Elling Siqveland – I glede og sorg – 2007


"Sunnhordland» 10.8..18.

Oddbjørn Kvålsvold