Fraktefarten – «levebrød» for mange familiar
Fraktefarten langs kysten gav inntekt til mange familiar i vår nære fortid. Før trailerane tok over mykje av varetransporten, var dette ei næring som gav arbeid og inntekt til mange på Stord.
Ein av forteljarane mine, Erik N. Saue, hugsar godt første turen han hadde som mannskap på ein liten båt i 1944. Turen gjekk til Bergen saman med Oskar Vikanes (1924- 2006), som hadde kystskippereksamen. Båten hadde fått oppdrag i Bergen hamn og turen opp dit, sit i minne. På veg nordover fikk båten motortrøbbel og søkte nødhamn. Forseinkinga medførte at dei måtte liggja ved verkstadkaien ved Håkonshella og venta på dagsljos. Minefelta i innseglinga til Bergen, kunne berre passerast om dagen. Erik N. meiner at dette var eit lykketreff, dei unngjekk dermed å vera i nærleiken til båten som eksploderte på Vågen 20. april 1944.
Etter brislingfisket i 1945 vart Erik N. med og frakta teglstein frå Bø Teglverk på Nord – Karmøy med M/S Falken. Mykje stein vart frakta med den vesle båten, som berre lasta 50 tonn. Det var mange laster til Rubbestadnes og Hardanger, men han hugsar og turar til Drammen med teglstein eller sildemjøl. Sørover langs kysten kunne det unge mannskapet på tre, berre gå i dagsljos på grunn av minefaren. Returlast vestover var ofte gjødsel.
I 1947 vart han medeigar i kutteren M/K «Joøy», som lasta 150 tonn. Den gjekk i «Osloruta», med last mellom Haugesund og Oslo sumar og haust, men vart nytta på fiske i vinterhalvåret. Langs heile Sørlandskysten hadde meklaren skaffa oppdrag, med Oslo som endestasjonen kvar 14. dag. Ruta medførte mykje tungt fysisk arbeid, med manuell lasting, lossing og stuing i rommet. Lasta var variert og arbeidskrevjande, levert som enkelt komponentar. Spader, spitt og hakke, plogar og harver samt poteter og grønsaker i sekker og armeringsjarn som langstål. Me må hugsa at dette var før pallar og gaffel truck forenkla stykkgodstransporten. Både gjødning og sementsekker på 50 kg måtte stuast manuelt i rommet på båten. Lastene med «bittersalt» til garveriet i Flekkefjord kom i 100 kg sekker. Sekkene vart låra direkte frå utanriksfartøy, ned i rommet på fraktebåten og det var eit «blodslit» å stua lasta. I Oslo var det hamnearbeidarar som tok seg av lossing og lasting. Sjauarane var ein fargerik arbeidsgjeng og Erik N. hugsar enno «slengnamna» på nokre av dei. Fleire av desse hadde alkoholproblem og var lite «setande» dei to siste timane av arbeidsdagen.
Båten Erik N. var medeigar i, frakta i periodar gjødning frå Herøya til Møre. I Ålesund fekk dei møbellast til Kirkenes og hadde saltfisk som returlast. Erik N. fortel at han hugsar kor provisorisk kaiene var der nord på denne tid. Tyskarane hadde sprengt og brent både kaier og sjøhus under tilbaketrekkinga.
Kontakten med meklaren for båten og eigen familie, var vanskeleg og tidkrevjande for 50- 60 år sidan. I Oslo og byane var det bestilling av samtalen på telegrafstasjonen og venting til dei vart ropt opp, – «Sagvåg i boks 4». På dei mindre plassane måtte dei låna telefon i privathus og tinga samtalen. Så vart samtalen sett opp frå nærmaste telefonstasjon når linjer var klare og tingaren ringt opp att. Ja, mobilen har nok sine fordelar!
Munneleg kjelde: Erik N. Saue – f. 1924
«Sunnhordland» 24.april 2015
Oddbjørn Kvålsvold


