Hatland skule, eit steg vidare
Eit steg vidare
Dato: 01/04/18
Stord kommune v/ rådmannen
Frå oppsitjarar i Langeland/Horneland/Kårevik har Stord Sogelag fått spørsmål om sogelaget kan hjelpa til med å sikra Hatland skule slik at han vert teken vare på.
Hatland skule er den einaste skulen frå skulebyggingstida i 1860-1900 som Stord kommune eig.
Skulelova frå 1860 slo fast at kvar kommune skulle delast opp i krinsar med fast skulestad sentralt i krinsen. Tidlegare hadde skulen vore organisert som omgangsskule der ein leigde skulerom hjå bønder kringom i krinsen.
Det vart ei stor oppgåve for kommunane å byggja skulehus i kvar krins. I 1862 vedtok skulekommisjonen i Stord kommune å byggja skulehus på Langeland. Grunnmurane etter denne skulen finst enno. Etter omregulering av krinsgrensene vart Langeland skule riven og flytta til Hatland i 1897. I 1977 vart det bygd eit tilbygg med toalettavdeling. Hatland skule vart nedlagd i 1986.
I 2017 arbeidde Stord Sogelag med spørsmålet om kva ein kan gjera med Hatland skule. I årsmeldinga 2017 er saka omtalt slik: «Å ta vare på Hatland skule er ei sak som har stått på sogelaget sin agenda. Det er gjort framstøyt overfor kommunen utan at noko har kome ut av det. Sogelaget har ikkje ressursar til å ta hand om og drifta bygget, og slik styret i sogelaget ser det, vil den beste løysinga vere om det vert skipa eit venelag som kan bidra til at dette kulturminnet vert tatt hand om.»
Stord Sogelag meiner at det i første omgang er viktig å sikra huset med naudsynt vedlikehald slik at det ikkje vert øydelagt. Stord kommune er eigar av bygget og må vera ansvarleg for at dette vert gjort.
Då får ein tid til å finna ut korleis dette kulturminnet kan sikrast for framtida og eventuelt takast i bruk.
Stord kommune er med i eit prosjekt som heiter Kulturminne i barnehagar og skular. Stord kommune har prosjektleiinga og Hordaland Fylkeskommune og Stord Sogelag er faste medlemmer, og skular og barnehagar er med i prosjektgruppa når ein held på i deira område. Prosjektet er ferdig med Rommetveit og Hystad krinsar.
Prosjektet går ut på at kvar skule og barnehage «adopterer» eit kulturminne, ser etter det og nyttar det når det høver i opplæringa.
Ein av ideane som har vore framme, er å flytta Hatland skule attende på den opprinnelege tufta. Det er Marit og Andreas Hjartåker som eig grunnen. Dei har sagt at dei kan stilla tufta til rådvelde dersom ein vel å flytta skulen dit. Eit anna framlegg er å flytta endå nærare Langeland skule. På begge desse stadene vil Hatland skule vera eit aktuelt kulturminne som t.d. Langeland skule «adopterer» og kan bruka. Skulen kan innreiast med møblar og materiell frå gammal tid.
Stord Sogelag ynskjer å koma i dialog med Stord kommune for å sjå om det går an å finna ei god løysing slik at Hatland skule vert teken vare på.
For Stord Sogelag
Kjellbjørg Lunde Atle Bjørn Mæhle
-leiar- -nestleiar-

