
Stord sogelag avvikla sin andre rusletur i 2026 tysdag 2. juni. Vel 40 frammøtte fekk høyra nytt og gamalt om Hageberg, med fokus på skulesoga. Lokalhistorikar Ingmund Bjordal saman med altmoglegman John Karsten Raunholm stod for ei imponerande forteljing om bygda. Frå dei store linjene, med E39 og internasjonal båttrafikk like utanfor stovedøra, til detaljar om skuleopplevingar på personleg nivå, heilt frå første skulen på 1800-talet. Om veglause tider for folk og varer som skulle bringast kring i bygda. Om personar som hadde stor påverknad for utviklinga i Stranda-krinsen. Om idrettsglade elevar som i årevis var best i Fitjar kommune. Alt i alt ei rikhaldig forteljing om liv og lagnad i denne delen av Stord. Også soga om eit påtenkt og delvis planlagt gabbrobrot på Tindane fekk me fornya. Prøveminering viste gode førekomstar, men planane vart skinlagde, mest grunna finansieringsmangel.
Vidare gjekk rusleturen til Vistvik. Der vart hopen vist rundt på bruket til Johannes Nesse. Soga om minikraftverket hans viste at iver og pågangsmot kan bli lukurativ forretning, sjøl med ein strevsam oppstart. Johannes sine interesser og aktivitetar spenner vidt. Forsamlinga fekk høyra om sagbruk, dyrehald, snikkarverksemd, kurs, sjøliv, herunder grunnstøytinga oppover elva i Vistvikemunninga og marmorførande båthavari på vågen, og mykje anna forvitneleg. Utruleg stor spennvidde innanfor eit bruk og område dei fleste ikkje hadde vore på før. Som døme kan nemnast at då ferjetrafikken på 60-talet skulle moderniserast var Vistvik eit høgst aktuelt alternativ til Sandvikvåg. Vidare fekk sogelagsfolket høyra om korleis butikken på Hovlandskaien kom til, vart dreven, skifta eigarar og til slutt måtte avvikla midt på 70-talet, om lag 10 år etter at vegen langs heile Stranda vart opna. Bjordal fortalte om korleis postordninga var opp gjennom tidene. Dette med referansar frå den utdjupande postsoga i boka Posten i Fitjar. Opprinneleg Fitjarbu, Bjørn Bjørlykke, lanserte og underbygde ei ny tolking av Vistvik-namnet: Ei innbuling i terrenget ved sjøen.
Dei frammøtte viste heile tida stor interesse for kva som vart fortalt og vist. Triveleg servering med lefser og kaker runda av ei aldeles vellukka samling.







