Grunnleggjaren av aluminiumsverksemda

Båten har vore ei livsnerva for Sunnhordland gjennom årtusen, og mange er dei som har fått si utkoma av verksemdene som er knytt opp mot båtbygging. Nokre har vore ekstra framsynte og pådrivarar for at verksemdene i regionen kunne tevla i 1. divisjonen innan næringane som er knytte opp mot sjø. I denne artikkelen vil eg fortelja litt om ein av gründerane på Stord, Gunnar Oma. Han var pioneren når det galdt å ta i bruk aluminium og dekkgass-sveising til båtproduksjon.


I ein samtale med Gunnar Oma fortel han om dei første forsøka med å byggja båtar og andre konstruksjonar i aluminium. Pionerkontrakten i aluminium var ein liten livbåt for 3 personar som vart levert til Ålesund i 1955. Det å gå frå tre til aluminium var eit viktig vegval for den vesle verksemda på Døso, og eit steg ut i det uvisse. Men det var eit viktig val og vegskilje som båtbyggjeriet gjorde i 1956. At dei satsa på aluminium for 60 år sidan, er eit val Gunnar kan vera stolt av. På denne tid var MS Bergensfjord under bygging, og skipe hadde mellom anna mykje av overbygget, skorstein og livbåtar i aluminium, noko Gunnar hadde merka seg. På grunn av lågare vekt enn stål kunne volumet på overbygget aukast utan å mista stabilitet på båten. Han fortel om samtalene mellom han og faren Ole Oma (1880 – 1967 ) om vegvalet, der den nye generasjonen meinte at no var tida inne til å satsa på båtar og utstyr i aluminium.


I samtalane eg har hatt med Gunnar Oma om hans liv som båtbyggjar, fortel han om korleis det første spesialutstyret for aluminiumssveising vart innkjøpt. Han tok kontakt med NAG sin agent Abrahamsen, og ynskte å få prisoverslag og betalingsvilkår for utstyr ein trong for å utføra aluminiumsjobbar. Utstyret vart levert omgåande med «Veritasruta» utan nærmare avtalar om betalingvilkår, så kredittruverdet til den vesle verkstaden på Døso var nok stor hjå NAG i Oslo.


Men ettertida har vist at dette var ei svært klok og viktig avgjerd, for ordrane kom, og markedet tok vel mot aluminiumsprodukta. Produksjon av klinka livbåtar i aluminium vart hovudproduktet i mange år ved Oma Baatbyggeri. På det meste vart det levert 63 stk. på eit år til inn- og utland, ja, heilt til dei i 1964 leverte den fyrste heilsveiste motorbåten i aluminium som velferdsbåt for norske sjøfolk i Port Said, Egypt. Vidare vart ein ny milepele passert då redningskryssaren «Olav V» på 90 fot vart bygd i aluminium i 1982.


Gunnar fortel om to ordrar på styrehus til Stord Verft i den første aluminiumsperioden. Desse var kjærkomne og gav god erfaring. Seinare kom ordrane på styrehus til R/S Torungen (1959/60) og dei andre fire redningsskøytene, samt fleire styrehus til «svenskeskøyter» som vart bygde i Sverige. I desse åra hadde Oma eit tett samarbeid med verfta i Kvinnherad. Oma Baatbyggeri leverte styrehus og overbygg til både Hellesøy, Skåluren, Eide på Halsenøy og Fjellstrand i Kvam. Vidare fornya mange austevollreiarar fiskeflåten sin ved Fitjar mek. Verkstad, og desse fekk styrehus levert av Oma.


Aluminiumsveising med dekkgass var ei nyvinning i midten av 1950 åra, og mange unge fekk si grunnopplæring og trening i verkstadhallen til Oma. Tidligare nytta me dei «kvite elektrodane» og likestraumsaggregat med variert sveisekvalitet. Ja, «forfattaren» har sjølv prøvd å sveisa aluminium med elektrodar og fekk helst ring kvalitet, så dekkgassveising (argon) av aluminium med «snelletrå» var ei stor nyvinning.


At gründer Gunnar Oma tok i bruk aluminium som byggemateriale og moderne sveiseteknologi så tidleg, vart ein suksessfaktor for verksemda. I dag har dette materialet på grunn av vekt og andre eigenskapar vorte ein del av konseptet for dei store oljeinstallasjonane. Dette var ein ide han tidleg «lufta» med fagmiljøet, fortel Gunnar. Som me veit lagar Oma Baatbyggeri AS framleis båtane i aluminium som vert brukte i passasjertrafikk, eller kombibåtar som fraktar både folk, varer og bilar. Det starta med ein livbåt av aluminium for 3 personar, no har båtane frå Oma plass til 300 passasjerar.


Munnleg kjelde:           Gunnar Oma f. 1924

Skriftleg kjelde:           Magne Langåker m.f. «Båtbyggjar i 100 år» – 2009


«Sunnhordland» fredag 20 . nov 2015


Oddbjørn Kvålsvold