Oppvekst på småbuket i Dybvik

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ein av dei som har delt livsminne med meg er Jens Petterteig. Han fortel om korleis ungane vart vane med å bruka kroppen fysisk til gagns arbeid alt frå barneåra.


Familien til Jens budde på eit småbruk i Dybvik og han måtte tidleg ta del i gardsdrifta i lag med mora og sysken. Faren som arbeide hjå Ottesen på vervet i Sagvåg hadde lange dagar så mora og barneflokken utførte mykje av arbeidet på småbruket. Dette var ei driftsform som mange av oss som vaks opp etter siste verdskrig minnast. Ja, det var sedvane i samtida at ungane som vaks opp der foreldra dreiv innan jord og skogbruk måtte delta aktivt i drifta.


Eg har fleire informantar som hugsar kva kjensler som «kom til overflata» då dei registrerte at born frå dei jordlause heimane tok badeutstyret med til badeplassane for å leika.

Jens minnast at vårarbeidet starta med å køyra ut møk med trillebåre, og så spreia den med greip. Eit tungt arbeid for ungar i vekst. Så var det å spa åkrane, spreia gjødsla og få poteter og grønsaker i jorda. Seinare vart det lange økter med lugging av ugras.


Hesjene var det faren som sette opp, men Jens hugsar kor vanskeleg det var å få graset opp på øvste strengen som smågut. Dei måtte rista og «saksa» graset skulle det hengja tilfredsstillande, og som smågut nytta han ein krakk for å nå opp. Dei mange og trøyttande øktene med slipesteinen er og pliktarbeid han fortel om.


På småbruket var det ljåslått og på denne tid vart kvar ei grastuva nytta som fôr. Heimen til Jens var sjølvhjelpen med mjølk, flesk, egg, poteter og grønsaker.


Han minnast at mora hermetiserte mange helgemiddager etter slakting. Ho steriliserte 2 liter Norgesglas i ein stor kjele, bruna kjøttet i jerngryta i kjellaren fylte opp glasa med kjøtt og fylte på brun saus eller sjy. Så vart glasa med delikatessene kokt opp i jerngryta med lokk og gummiring sett på. Dette var ein metode som sikra ferske kjøttmiddagar i mange heimar før fryseboksen vart «allemannseiga» i 1960-åra.


Sjølv om oppvekståra for mange var ispedd mykje arbeid, var det òg tid til leik og moro. Spesielt vart det utkjempa mange slag mellom «indianarar og kvit». At dei til slutt klarte å erobra indianarleiren til Jensanes -gutane var eit storhende.


Jens meiner at det som vart utslagsgivande, var at gutane frå Dybvik og Vikanes hadde store mengder svartkrut som vart nytta i lag med fenghetter og lunta.


Jens Petterteig har og minne om lærarinna si, Anna Rydland, ei dama som kanskje var noko føre si tid. Ho eigde bil, hadde sertifikat og ho røykte. Men ikkje minst var han fast grindgut for ho i mange år. Dette var ei tid då feristene ikkje var kome i bruk og bilvegen var «sperra» av grinder. Jens stod ved vegen klar til å opna første grinda kvar skuledag, og fekk såleis skuleskyss dei 4 km til skulen.


Frå skuletida fortel han om då han skulle til Sigurd Jonassen og handla nokre småting for lærarinna. Han sprang snarvegen ned til butikken så vegen var kort, men ein gong måtte han attende og skifta toalettpapiret kan hadde kjøpt. På denne tid var det vanleg at folk nytta aviser og ukeblader på doen, men frøken Rydland nytta kjøpepapir med ei glatt side. Jens fortel at han aldri vil gløyma lattersalva frå dei som var samla på krambua til Jonassen då han kom inn og ropa ut; «eg må få byta dopapiret, for Anna Rydland skal ha det med glans på eine sida».


Munnleg kjelde: Jens Petterteig f. 1941

Oddbjørn Kvålsvold