Æresmedlem Oddbjørn Kvålsvold
I referatet fra årsmøtet 2022 er følgende referet
"Siste punkt på sakslista var utnemning av Oddbjørn Kvålsvold til heidersmedlem i laget. Leiar overrekte plakett og blomar, og sa nokre velvalde ord til den nye heidersmedlemen. Ho la vekt på det omfattande arbeidet Oddbjørn har gjort med å samla inn munnleg kjeldemateriale dei siste ti åra. Mange stordabuar har med stor interesse lese dei lokalhistoriske artiklane hans i «Sunnhordland». Artiklane hans er også publiserte i årsskrifta, og på nettsida til sogelaget. I 2019 gav han ut boka «Minneglimt frå levde liv», der det meste av stoffet frå sogelagsspaltene er samla i eit felles verk.
I tillegg til blomar og plakett, vil Oddbjørn få eit innramma bilete av kunstnaren Awa Rahimpour frå Iran, som bur på flyktningmottaket på Heiane. Sidan overrekking av plakett til heidersmedlemer var nytt av året, fekk også Nils Tore Gram Økland plakett på årsmøtet. "

