Søndagsskule og barne- og ungdomsarbeid
Den første lekmannen som me veit samla folk om Guds ord kring på Stord, var plassmannen Peder Johannesson i Grimsåsen (1797 – 1868), skriv Ola Høyland i Stord bygdebok. Plassmannen heldt mykje av samlingane sine i Nordbygdo, og såleis vart dette eit sentrum for lekmannsrørsla den første tida. Her vart òg det første misjonslaget skipa i 1852, i samhandling med lærarskulen på Tyse. Men ikkje mange år seinare var det folk som skipa liknande lag på Leirvik og i Utbygda.
Ei av dei som har nytta mykje av si fritid i lag med kristne vener, er Petra Hannisdal. Som 5-åring kom ho heim med foreldra frå misjonsmarkene i Kina og vart fast søndagsskuleelev. Om dette fortel ho i samtalen me hadde i 2015, der eg fekk del i hennar interesse for barne-og ungdomsarbeid bygd på kristen grunn. Då ho vart eldre var det aktiviteten i bedehuset med «yngreslaget», der det var song og musikkgrupper, som fenga hennar interesse. Dei åra ho tok lærarutdanninga på «Seminaret», vart Petra aktivt med i «Lærarinnenes Misjonsforbund» som held andakt kvar dag før skulen tok til kl. 8. Vidare fortel ho om mange gode minne frå tida ho arbeidde i Bergen. Her var ho medlem i «Bergen kristne landsungdomslag», eit ungdomslag som arrangerte kristne møte, helgeturar og større sumarmøte.
Då kristent ungdomsarbeid tok til i gamle fengslet på Leirvik i 1969, var ho aktivt med på dugnadskveldane og støtta opp om arbeidet som prost Ekberg og skulepsykolog Bergerud fekk i gong. Som me eldre hugsar var ungdomsarbeidet i fengslet med «Sing- Sing», eit verdfullt tiltak for mange ungdommar i kommunen. Song- og musikkgruppa i fengslet var spesielt populært, med instrumentlager på loftet og øvingsrom i bustad- og rettsbygninga. Dei tenåringane som vart engasjerte på dugnad og aktivitet i fengslet, fekk gode impulsar og oppfylging av ungdomsleiarane. Ja, me foreldre følte oss trygge når me visste at ungdommane våre var på treff i fengslet.
I ein samtale eg hadde med Ragnhild Digernes i 2014, fortel ho om bedehuset på Horneland. Det var bestefar hennar, Ånen Horneland, saman med dottera Åsta, som tok til med søndagsskule i bedehuset. Alt frå seks- årsalderen gjekk Ragnhild på søndagsskulen, men har òg minneglimt frå det sosiale fellesskapet før den tid. Som tenåring fekk ho ansvar for å fylgje dei minste syskena til samlinga, som var mellom kl 11 og 12 kvar søndag. Leiinga av søndagsskulen arrangerte årvisse utflukter om våren. Turane med Reinert Eldøy si skøyta var gode minne, like eins utflukta til Lundsæter med Sverre Litlabø sin lastebil. Her sat ungar og eldre sessa på trebenkene som var plasserte på lasteplanet. Ved kraftstasjonen vart det laga bålkaffi på den store koparkjelen frå bedehuset, og nistematen ute i det fri smakte ekstra godt. Ragnhild fortalde òg om den gongen ho fekk vera med nokre eldre til Stovegolvet som ein ekstratur. Julefestane som bedehuset arrangerte kvart år, var høgdepunkt i samtida. Ja, dei samla så mykje folk at flokken måtte delast i to omgangar. Grenda hadde vakse ut av bedehuset frå 1916, og i 1963/64 vart det bygt eit nytt bedehus på Horneland.
Samlingane av ungar om søndags- føremiddag i bedehus, frelsesarmébygg og skulestover hadde stor oppslutnad i vår nære fortid, og var med å forma oss. Dei fleste av nolevande beste- og oldeforeldregenerasjon har minne frå tida vår i søndagsskulen. Der me fekk utdelt glansbilete og stjerner, og eit godt grunnlag for vårt livssyn vart lagt.
- Munnleg kjelder:
- Petra Hannisdal – f. 1930
- Ragnhild Digernes- (1933 – 2017)
«Sunnhordland» 29.10.18
Oddbjørn Kvålsvold

