Gruvedrifta på Stord byrja for 150 år sidan
Midt på 1800-talet opna det seg ein marknad for svovelkis i Storbritannia. Svovelsyrefabrikkane der var byrja å ta i bruk kis i staden for rein svovel frå Sicilia. Det førte til ein norsk skjerpefeber, «et sandt Metalraseri» som minna om gullfeberen i California, skreiv ein innsendar frå Stord til Morgenbladet. Eit skjerp er eit område der det er påvist metall og finnaren har retten til utvinning. I 1865 vart det meldt ikkje færre enn 306 skjerp i Stord og Bømlo.
Denne månaden er det nett 150 år sidan den første gruvedrifta ved Storavatnet tok til med prøvedrift i eit «Svovelkisleie paa Gaarden Øvre Lillebøe». Produksjonen skal ha vore 960 tonn svovelkis frå Rossneset der første funnet vart gjort 10. oktober året før. I 1866 starta regulær drift både der og i gruva på Nysæter i regi av Det Bergenske Grubeselskab. Den viktigaste gruva vart etter kvart Høgåsen som kom skikkeleg i gang ti år seinare. Meir enn 60 prosent av den samla produksjonen frå gruvene ved Storavatnet kom frå denne gruva i tidsrommet 1865-1905. Ei mykje mindre gruve var Rødkleiv. Alf Mathisen som har skrive ein uvanleg grundig og veldokumentert artikkel om «Gruvedrifta på Nysæter og Øvre Litlabø 1865-1903» (Stord sogelag, Årsskrift 2002), nemner at det også vart «drive litt i Eikjebrekko, Treshaugen, Løhaugen, Kattaneset, Sadalen og i Knorrøyo, men berre små mengder vart teke ut.» Den samla produksjonen desse førti åra var på 108 909 tonn, eit snitt på ca. 2700 tonn i året. Årleg arbeidsstyrke varierte frå 25 til 50 mann etter kor omfattande drifta var. Toppåra var alt i 1867-68 med meir enn 100 gruvearbeidarar på heile Stord; 60-70 av dei på Nysæter og i Rossneset. Mange av arbeidarane var innflyttarar som drog vidare då det vart mindre arbeid.
På same tid var det også 16 til 30 mann i arbeid i Gullberg på Bjelland. Der hadde drifta kome i gang alt i august 1865. Men i 1869 var det slutt, likevel med sporadiske forsøk seinare. Samla produksjon av koparhaldig svovelkis skal ha vore berre 6-7000 tonn. Det er tidlegare hevda at det alt på slutten av 1600-talet skal ha vore gruvedrift i Gullberg. Men mest truleg baserer dette seg på ei feillesing av tingbøkene frå den tid. Futen Falch Laurdsen Dalhoff som då budde på Bjelland, var «borgarmeister» frå Karlshamn i Blekinge, og ikkje «bergmeister».
Heller ikkje Tveitgruva på Huglo viste seg å vera særleg drivverdig. Det var drift berre nokre få år frå omtrent 1868/69. På 1880-talet forpakta Vigsnes verk på Karmøy gruva. Samla produksjon var då 3700 tonn koparkis. Talet på arbeidarar er ukjent.
I utmarka til Helland og Hovstad i Fitjar vart det funne kis i 1871. Sommaren året etter var det litt drift i «Prestgruben», men utbytet var for lite til å koma med i bergmeisteren sine statistikkar. Svovelkisen vart seld til den kjemiske fabrikken «Selesia».
Den tidlege gruvedrifta på Litlabø la grunnlaget for Stordø Kisgruber A/S, skipa i 1907, med drift til 1968. Frå 100 til 400 tilsette arbeidde med å produsera på det meste meir enn 100 000 tonn kis årleg. I etterkrigsåra fram til avvikling låg produksjonen på rundt 60 000 tonn. Det la grunnlag for eit livskraftig og annleis lokalsamfunn. Mykje meir finn du i Øyvind Bjørnson: Gruva (1991), Asbjørn Aasheim: Soga om Sagvåg (2012) og på Venelaget for Gruo sin nettsider: http://www.gruo.no.
«Sunnhordland» fredag 23 . okt 2015
Egil Nysæter

