«So va da då ei julafta»

Segna fortel at julekvelden sat husmannen Bjødne og masa med Randi, kjerringa si, om trollskap og underjordiske som han hadde høyrt om som smågut nede i bygda. Då høyrde han noko som banka oppe på ljoren. Han trudde først det var ei kattugle eller ein annan fugl. Men så vart det banka kring heile huset slik at han tykte det kunne detta ned. Då treiv han ljorestonga, løfta ljoren av og ropte opp: «Æ da folk, so ta doko i vare, å æ da nåko adna, so far i Guss namn herifrå, – her har de ingjenting å gjæra».


Slik byrjar ei av fleire segner om underjordiske som er tekne vare på frå Stord. Segnene fortel både om nissar, huldrer og jutular. Ofte var det ved juletider, helst julaftan, at desse skapningane viste seg. Då ville nissen ha julegrauten, som det heiter i ein kjend og kjær song, og det var då Kippelshaugen på Ådland opna seg i måneskinnet og ein skjeggete haugkall kom ut med eit drikkehorn som han baud Arnfinn Ådland.


Ei segn er ei stutt forteljing som gjer krav på vera sann (men gjerne ikkje er det), er munnleg overlevert mellom generasjonane og ofte knytta til ein bestemt person og stad. Ein skil gjerne mellom historiske segner, opphavssegner slik som t.d. om ein naturformasjon og mytiske segner som fortel om noko overnaturleg. Segnene er uttrykk for levande folketru då segna først vart fortalt.


Den segna der Bjødne er hovudpersonen, er nedskriven i 1864 av Lars Nelson Hystad (1849-1925). Han gjekk på seminaret, var så lærar i Eidskog i Hedmark og Nes i Akershus før han slo seg ned for godt i Botne i Vestfold. Derifrå sende han i 1886 denne segna til Moltke Moe ved universitetet i Kristiania. Moe var det året utnemnd til professor i “norsk Folkesprog med Forpligtelse til ogsaa at foredrage norsk Folketradition».


Det var Kjell Magne Grov som fann segna i Norsk Folkeminnesamling og presenterte ho her i bladet før jul i 1981. Forteljinga er truleg den eldste oppskrifta på stordadialekt.

Korleis gjekk det så med Bjødne og Randi og dei underjordiske? Stutt fortalt slik: Han for ut gjennom døra for å få ein slutt på levenet. Då fekk han sjå vel hundre, heilt like, småfolk sitjande på taket. Dei forklarte at i julehelga var dei grannane hans. Dei var komne for å be han flytta floren «so møkje me sleppe å få kuland å adna styggaskap ner på bore vort, å julahuse vort ligge beint onde floren din».


Men Bjødne sa frå at han ikkje ville flytta floren. Neste dagen var då både ku og geiter borte slik at dei måtte få seg nye dyr. Julehelga etter gjorde dei underjordiske ein ny framstøyt. Dei viste Bjødne korleis dei hadde det i den gilde stova si under floren, men at det dropla frå taket. Bortsett frå det levde dei godt, og det kunne også Bjødne gjera dersom han flytta floren. Då sa Bjødne ja til flytting og småfolket hjelpte han. Han vart ein rik mann, men i daglegtale vart han aldri kalla anna enn Florfløtten.



Den mykje meir detaljerte segna er no lett tilgjengeleg med tittelen «Florfløtten» i nettstaden «Segner på nettet» som Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Økland har fått i stand etter å ha samla i alt 1500 segner frå både Sunnhordland, Nord-Rogaland og Hardanger. Adressa er http://www.segner.no.



«Sunnhordland» fredag 18 . desember 2015


Egil Nysæter