Ferieheimen i Holo på Leirvik

Ferieheimen som Knutsen OAS fekk bygd i Holo på Leirvik i 1920, var eit sosialt tiltak som mange sjukesystrer frå Haugesund hadde stor glede av. I ein samtale med Margit Engen (f. 1915), fekk eg kjennskap til litt av historia som er knytt til dette store huset øvst i Leirviksmarka. Før fortettinga av bustadområdet rundt Leirvik sentrum tok til, låg dette huset som eit lite slott, einsamt på toppen av Holevegen. Nokre av oss hugsar og huset frå den perioden distriktslege Emil Mo budde der, med sine mange radioar, TV ‘ar og akvarier, – eit hus med mange rom.


Margit fortel meg om skipsreiar Knut Knutsen som låg på sjukehuset i Haugesund i året etter fyrste verdskrig. Ferien stunda til og han spurde ut sjukesystrene kva dei skulle gjera på i ferien. Mange svarte at dei måtte nok reisa å hjelpa foreldra på småbruket eller med fiske. Svara han fekk, var kimen til Knutsens ide om ein ferieheim, kvileheim for sjukesystrer. Haugesundsreiaren kjøpte ei 6 mål stor tomt av Reinert J. Leirvik og bygde ferieheim for sjukesystrene som hadde gjeve han godt stell og pleie. Eigendommen Lyhaugen, vart skilt frå bnr. 1 i 1920 og skøytt til «Haugesund sykepleierskers Ferieheim».

Margit Engen tok til å arbeida på Ferieheimen i 1930 og vart verande i 6 år. Heimen i Holo vart drifta i sumarhalvåret. Mange eldre ugifte sjukesystrer, som såg på yrket sitt som eit «kall», fekk her ei ferieoppleving der dei kunne gå til «duk og dekka bord» og nyta feriedagane. Ja, for det var få om ingen arbeidstakarar, som i 1920 -30 åra kunne nyta feriedagane på hotell med full forpleiing.



Margit fortel at huset var svert godt utrusta, med moderne kjøkken, staselege fellesrom og romslege enkeltrom for dei ferierande. Soveromma var utstyrt med Sjeselong (samtidas prikk over i’ en) og vaskefat med mugge i beste engelsk steintøy. Seng og sengeutstyr var og av topp kvalitet og med flotte tepper på gulvet. Ho hugsar at soveromma var mala i forskjellige fargar. Salongen var møblert med skinnmøblar og på golvet låg det store Persiske tepper. Mange gav uttrykk for at dette var deira drømmeferie og eit minne for livet.

Men ferieheimen fekk ein trist skjebne under siste verdskrig. Då overtok okkupasjonsmakta huset til bustad for offiserar. Nokre av informantane mine, som vaks opp i nærleiken, hugsar at tyskarane grov opp skyttargraver i området. Vidare har dei barneminner frå krigsåra, da tyskarane hadde nattøving. Øvingane vart gjennomført med mykje smell og spetakkel, utan forvarsel. Dette skapte uhygge blant born og vaksne og er av dei vonde minner frå krigsåra.


«Sunnhordland» 24.01.14


Oddbjørn Kvålsvold