To æresmedlemer

Dei har begge gjort ein viktig innsats for laget alle desse åra, og me er glade for at me kan nyta godt av deira bidrag også i dag. Økland er med i styret som nestleiar, Lohndal har i alle år vore flittig skribent i årsskriftet som sogelaget gjev ut før jul kvart år. Eg kan alt no røpa at han kjem med ei sak der også i den komande utgåva av skriftet, sa leiar Turid Tresselt Melheim til dei kring 30 frammøtte på Lundarstøl.


I tillegg til gode ord, fekk dei to ferske æresmedlemene kvart sitt kunstverk laga av Bjørn Bjørlykke.


Nils Tore Gram Økland var første leiar i laget, som har til mål å skapa interesse for den lokale historia og stimulera medlemene til å ta opp arbeid med lokalhistoriske emne. Laget skal også arbeida for vern av materielle kulturminne, og leggja vekt på innsamling av munnlege tradisjonar, arbeidarminne og arbeidslivshistorie.