Innsamling av lokalhistorie frå Stord
Då eg vart styremedlem i Stord Sogelag i 2012, tok eg på meg å samla inn minnestoff frå levde liv på Stord, eit prosjekt som eg har arbeidd med fram til no. Dette arbeidet har gjeve meg mange gode stunder i samtale med dei eldre innbyggarane i kommunen. Heile 108 personar har fortald frå barndom, oppvekstår og vaksenliv. Den eldste er fødd i 1915, dei fleste i mellomkrigstida og nokre inn i 40-åra. Dei har fortalt om ein kvardag der dei aller fleste måtte setja tæring etter næring. Mang ei spanande forteljing om ei tid der borna byrja tidleg i arbeid, for sjølv å kunna tena pengar til ein sykkel eller klede, eller hjelpa til i heimen med økonomien. Men og om skarvelege buplassar og møblar laga av dynamitt- eller appelsinkassar.
Etter at eg vart pensjonist har eg prøvt meg som skribent. Såleis er nokre av dei ca. 90 timane med digitale opptak nytta i artiklar. Noko har eg nytta i Stord sogelag sine årsskrifter, eller som små tema artiklar i bladet Sunnhordland. Forteljingar eg har samla brukte òg Johanne Øvstebø Tvedten, i årboka Sunnhordland museum gav ut i 2019, «Det starta med silda». Etter kvart som artiklane vart publiserte i Sunnhordland, var det mange som oppmoda meg om å gje dette ut i bokform. Då avisa sa seg villig til å vera med på utgjevinga, let dette seg realisera, så før jul i 2019 kom boka, «Minneglimt frå levde liv» – 116 små temaartiklar.
For meg har arbeidet med dette lokalhistoriske prosjektet vore ein viktig del av pensjonisttida mi. Ei stor takk til alle informantane som har vist meg tillit og fortald om vår nære fortid. Få av forteljarane er mellom dei som har delt noko av si livssoga i det offentlege rommet før. Ja, eg er glad for dei gode samtalane me hadde, og bilete eg fekk ta av dei. Ekstra stas var det at Stord kommune i 2017 gav meg Kulturprisen for dette arbeidet. Ein gjennomgang av opptaksdokumenta, fortel at førtifire av forteljarane er gått ut av tida, – men ikkje av historia. Deira minneglimt frå levde liv er samla mellom to permar og i bladet Sunnhordaland sitt arkiv. Vidare veit me at både bøker og aviser vert teke vare på av Nasjonalbiblioteket.
Når eg no gjev «penna» over til andre i sogelaget, vil eg òg retta ei takk til leiing og redaksjonen av bladet Sunnhordland, for godt samarbeid gjennom 8 år og oppsett av mine 144 artiklar.
Med helsing
Oddbjørn Kvålsvold

