Søndagsskule og ungdomsarbeid i bedehusa
Ein av dei som har vore aktiv i søndagsskulearbeidet på Stord er Adolf Rongevær i Nordbygda. I eit opptak eg fekk høve å gjera med han, fortel Adolf om søndagsskulen. Han byrja og delta i dette arbeidet ved Nordbygda bedehus i 1963. Rongevær som då arbeide ved Stord Verft som brennar, ønska å nytta fritida til meiningsfullt arbeid blant born. Som 27 åring tok han difor ansvar og vart med å drifta søndagsskulen saman med 3 – 4 lærarskulestudentar. Adolf fortel om stor tilstrøyming av born – ja, dugnadsgjengen for bedehuset måtte innreia nye klasserom både i kjellar og loft. I ein periode var det heile 114 innskrivne born som møtte til samlingane i dei fire klasseroma.
Dei aktive lærarskulestudentane som var med i søndagsskulearbeidet var ei god støtta, fortel Adolf. Dei var flinke til å synja og spela på forskjellige instrument, noko borna tykte vel om. Dei blå stjernene i oppmøtekortet og gullstjerna etter fire frammøte var ungane påpassig med å få på plass. Ungane visste at godt frammøte gav heider på søndagsskulefestane.
Adolf Rongevær fortel og om ein annan aktivitet dei starta opp for gutar i alderen 15 til 20 år i bedehuset. Her fekk unggutane prøva seg i snikkarfaget. Dei laga ting som seinare vart lodda ut på basarar som bedehuset arrangerte. Vidare vart det starta opp ei Yngresgruppe i lag med lærarskule-studentar for dei mellom 12 og 16 år.
På Litlabø var det og eit aktivt søndagsskulemiljø. I ein samtale med Astrid Stokken fortel ho om barneåra då ho gjekk på søndagsskule i Gruo. Samlingane på søndagane var først på skulen, men vart seinare flytta til bedehuset på Dale, då det stod ferdig i 1936. Dette er ei tid Astrid har mange gode livsminne frå. Ho fortel om kvardagsklede og dei kleda som vart nytta når dei skulle på søndagsskulen. Leiarane som hadde samlingane var Gurine Håheim, Gustav Lundal og smeden Berntsen, fortel Astrid Stokken, som var søndagsskuleelev for 85 år sidan.
Ein annan av informantane mine, Knut Horneland, fortel om aktivt bruk av Horneland bedehus. Huset vart brukt både til misjonsforeiningar, søndagsskule, barneforeiningar, basarar, julefestar og møteveker. I hans barndom og oppvekst fekk bygda ofte vitjing av omreisande emissærar. Knut hugsar at gardane veksla på å gi husrom til emissærane. Han fortel om dei forskjellige aktivitetane som var knytt opp mot bedehusmiljøet. I foreininga for gutane fekk dei læra å laga små setelbøker og belte. Desse vart utlodda på basarane, som det var mange av i forsamlingshuset på Horneland. Søndagsskulen er ein annan aktivitet Knut fortel om. Han hugsar at dei mest kreative gutane lurte seg til å låna stjernestemplet. Dei sikra seg såleis litt ekstra pynt i oppmøtekortet.
Samlingane av ungar om søndags føremiddag i bedehus, frelsesarmébygg og skulestover hadde stor oppslutnad i vår nære fortid, og var med å forma oss til gagns menneske. Dei fleste av dagens beste- og oldeforeldregenerasjon har minne frå tida vår i søndagsskulen. Der me fekk utdelt glansbilete og stjerner, og eit godt grunnlag for ungdom og vaksenlivet.
Munnlege kjelder: Astrid Stokken f.1921
Adolf Rongevær f. 1935
Knut Horneland f. 1939
«Sunnhordland» 31. juli 2015
Oddbjørn Kvålsvold

