Soga om potetferien som vart haustferie
Mange av informantane mine har gode oppvekstminne frå ei tid då skulane ikkje hadde haustferie, men noko som i «skuleruta» vart kalla potetferie. Andre hugsar potetferien som «ein pest og plage», ein periode med tungt arbeid og med store påkjenningar for ein spinkel kropp i vekst. I oppvekståra til oss eldre, var potet ein viktig del av kostholdet og høyrde til på alle middagsbord, så åkrane kunne vera store sjølv på mindre bruk. Tradisjonen fortel at poteter kom til Noreg i 1740-åra. Presten på Finnås, Peder Harboe Hertzberg vart ein pådrivar for å få fart i dyrking av poteter i Sunnhordland og vidare med, då han gav ut ei bok om potetdyrking i 1774. Med hjelp av internett ser eg at dei «lærde stridest» om kva tid potetferien gradvis vart innført hjå oss, men fleire fortel at den vart ein del av skuleåret under krigsåra på 1940 talet. Mange meiner at dette var eit tiltak for å hjelpa bøndene og sikra potetavlinga, mens andre trur at å få fri nokre dagar frå skulen til nyttig arbeid kan sporast lenger attende. Ja, potet og sild var i alle fall ernæringsmessig viktig i okkupasjonsåra med lite tilgang på mat.
På folkeskulen eg gjekk i slutten av 1940-åra og byrjinga av 50-åra, trur eg det berre var dei eldste klassane som fekk ei veka fri. Då vart me hyrt inn av bønder som hadde bruk for arbeidskraft i samband opptak av potetavlinga. Som oftast var det mykje folk på åkrane og potetopptakaren, trekt av to hestar gjekk mest i eit. Det vart ofte lange dagar og måltida var eit høgdepunkt. Eg hugsar at dei aller fleste serverte god mat, sausekjøtt, kjøttkaker eller god lapskaus. Men på ein gard i bygda var måltidet ei påkjenning. I kjøttsuppa låg det store fleskbitar og på nokre av desse var det tydleg bust på svoren. Desse svorbetane låg og flaut på toppen av skåla i lag med det gule feittet.
Tordis Vikene som vaks opp på Ådland har fortald om oppvekstminne der skuleungane fekk potetferie og hjelpte bønder med innhaustinga. Minne frå åkrar der mange var engasjert med tre bytter. Ei for dei store matpotetene, ei for småpotetene og så ei for å samla opp dei skadde og med svart skurv på. Tordis var med på fleire gardar å hjelpte til i potetonna, slik det var sedvane på denne tid. Minna frå åkeren til Torbjørn Haga er gode, og ho fortel at dei lange potetforene vart velta opp med plog og potetene grove fram av vaksne. Matøkta vert hugsa som eit høgdepunkt. Det å sitja rundt eit stort middagsbord med mange vaksne var gjævt for ungar på denne tid. Då kjende me på at ein hadde vore med å utført gagns arbeid. Tordis minnest òg ein episode frå ein gard der dei serverte graut til middags, ein graut av det «grove slaget». Då reiste søstera til Tordis seg og sa; «eg går heim og et middag, eg likar ikkje graut».
Sjølv om betalinga var lita så kom kronene vel med, òg me utførte gagns arbeid i skuleferien som skifta namn til haustferie ein gong utpå 1980 talet.
Munnlege kjelder: Tordis Vikene f. 1936
Digitale kjelder: Søk på internett
«Sunnhordland» 5. mai 2021
Oddbjørn Kvålsvold

