Som tenestefolk i Hardanger
I den tradisjonelle jordbruksfamilien vart gardsbruka drivne som familieføretak. Her var både kvinner, menn og born viktige for drifta av garden, og alle hadde sine faste oppgåver. Ja, for går vi berre 50 år attende var det klare skilje mellom kva som var kvinne- eller mannsarbeid. I tillegg hadde dei fleste gardane gjerne tenestefolk som taus og dreng, men og kårfolka hadde ofte pliktdagar i høve til kåravtalen. Enkelte driftsformer krevde ekstra stor arbeidsinnsats i delar av årshjulet. I Hardanger var det trong for tenestefolk til hausting i frukt og bærsesongen, og mange ungdomar frå Sunnhordland og ikkje minst Stord har delteke. Mange av dei eg har hatt samtale med, har livsminne frå både eit og fleire år som tenestefolk inne i fruktbygdene.
Ein av dei som har fortalt meg om glade ungdomsår på fruktgard i Hardanger, er Anker M. Gravdal. Anker var berre 16 år då han og Audun Matre tok teneste på Haustveit i Sørfjorden. Det var i 1946 dei tok dampbåten «Rosendal» frå Leirvik med kurs inn Hardangerfjorden. Anker fortel at båtreisa som starta på laurdags ettermiddag, først enda i Granvin utpå søndagen. «Rosendal» hadde då kryssa fjorden mange gonger. Reisa vidare gjekk med MS «Granvin» som gjekk i Oddaruta inn Sørfjorden, og bonden kom og henta dei på kaien i Grimo med hest og kjerre.
Men for gutane som hadde vakse opp på Vikjo, virka ei grissgrendt bygd inne i fjorden noko vekkgjømt og stussleg med høge fjell og lite himmel. Anker trur bonden registrerte dette, for han merka at dei vart pusha på for å verta kjende med bygdeungdommen. Og etter kvart kom det fleire tenestefolk, både på garden dei jobba på og i nabolaget. Bonden hadde tinga to andre gutar frå Fana, og så kom to jenter heilt frå Lofoten i arbeidsgjengen. Vidare var det i hushaldet på garden ein drikkfeldig bergenser som dei kalla «Blåsen», men han trur Anker var utplassert for å betra livsstilen sin. Anker hugsar og to jenter frå Sagvåg som hadde teneste på ein gard på Hauso. Gravdal fortel om mange fine minne frå dei gongene ungdomsgjengen rodde over til Lofthus på bygdedans. Ungdomshuset Krossvoll på Lofthus er eit staseleg lokale, der bygdefolk og tilreisande frå begge sider av fjorden har svinga seg gjennom årtider. Turane attende over speilblank fjord vert hugsa, og ikkje minst den gongen dei hadde drege båten for lite opp og husbonden fann denne «henslengt» på tvers i fjøresteinane. Bonden vart så sint at han fræste, fortel Anker, – og dei fekk aldri låna han meir. Men jentene frå Sagvåg godprata med husbonden sin, slik at dei hadde båt tilgjengeleg når dei trong det.
Frukttrea på denne tid var svært høge, og henting av bær og frukt gav mange problem. For dei utan tidlegare erfaring vart flytting og plassering av lange stegar på tynne toppgreiner vanskeleg. Spesielt der det var bratt og ulendt måtte ein vera påpasselege skulle både ein sjølv og hentelaupen unngå å detta ned. Dei lange stigane måtte stagast med tau bak dersom greinene var tynne. I fint haustver var det kjekt å henta frukt. Men minna om kalde haustdagar med regn og valleslette, då ein vart blaut frå handledda og heilt ned i skorne, er av dei mindre kjekke minna, fortel Anker.
Husbonden til Anker var ungkar og hadde stort lager av heimeprodusert «tørstedrikke» av ymse slag. Når veka var omme og det hadde vore god framdrift i arbeidet, spanderte han drikka på tenestefolka. Da dette vart oppdaga, hugsar Anker at «gamlemor» på garden forkynte. «Nei, dette vil eg ha slutt på. Eg som kjem frå Huglo vil ikkje ha på meg at gutane frå Vikjo, får tilvenning til sterke drykker under teneste hjå min familie i Hardanger».
Munnleg kjelde: Anker M. Gravdal – (1930 – 2016)
«Sunnhordland» måndag 15.august 2016
Oddbjørn Kvålsvold


