Vårt første livsminne – og glimt frå gløymeboka

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Me har alle minne frå oppvekståra som for dei fleste er kjære og gode å ta vare på. Men nokre har opplevd tragiske hendingar tidleg i dei første barneåra, minne som har festa seg. Desse kan såleis  attforteljast med mange små detaljar knyte til hendinga, sjølv 80 år seinare.  I høg alder er det ikkje få som kan hugsa detaljar frå barneåra som har vore i «gløymeboka» i mange år, men som kjem til overflata når me minnast ein liten detalj. Får me tak i desse trådane, kjem heile tankerekker og hendingar frå oppveksten til overflata. Forsking viser at mange av oss kan hugsa enkeltepisodar og sterke sanseinntrykk frå 3– 4års alderen, nokre heilt ned til 2 1/2 årsalderen. Skiljet mellom det me sjølve hugsar, det me har sett på bilete eller blitt fortalde, flyt ofte saman til ei samanhengande historie i minnet vårt. Me må berre godta at minne frå barndom og oppvekst ikkje alltid er fullstendig i samsvar med det som faktisk hende. Dei fleste av oss har nok opplevd diskusjonar mellom sysken på dette feltet, enkelte kan hevda og forfekta si framstilling som den einaste rette. Men forsking viser at det er noko slingringsmon i dei fleste livsminne. 


I ein samtale med Anker Gravdal kort tid før han døydde, fortalde han levande om livsminna sine frå Vikjo. Det første minnet frå barneåra var då gamle hermetikkfabrikken til Gravdal- brørne i Evjo brann i 1934. Sjølv om Anker berre var 4 år då dette hende, skildra han mange detaljer frå den dramatiske hendinga. På denne tid rådde «Leirvik brann- og bygningskommune» over ei handpumpe som etter ei tid kom på plass. Minna om faren som stod og pumpa så sveitten rann vart aldri viska vekk. Vidare hugsar han at effekten av den vesle vannstråla var lita.


Flammehavet var enormt og strålevarmen stor , minnast Anker. Ja, han som for og sprang rundt brannsløkkarane i nattkleda som 4-åring, såg enno for seg den spinkle vasstråla, mest som ein vesal hageslangesprut.


Dette er døme på minneglimt som vert teke vare på og attfortalt opp gjennom oppvekstår og vaksenliv. Men så har dei fleste av oss òg livsminne som me helst vil fortrenga og ikkje kjennast ved. Me veit at for nokre av dei som hadde sine ungdomsår under krigen, oppsto det «søt musikk» mellom norske jenter og tyske soldatar. I ein tidsbolk i livet når hormonane lett tek av, skjedde det ting som samtida ikkje aksepterte. Når fredsvåren 1945 kom og oppgjerets timer var der, tok nokre seg til rette og skulle «straffa tyskertøsene». Sett med etterklokskapens augo vart det utført mange overgrep både av dei med mynde og små grupper rundt om i heile landet. 



Tradisjonen fortel at på Vikjo var det i parken nokre av tettstadens tenåringar tok seg til rettes og aksjonerte mot jenter som hadde forelska seg i tyske soldatar. I «fredsrusen» vart det utført overtramp med hårklypp på nokre av jentene. Redselskrika frå dei som skulle under saksa og ropa om hjelp vart høyrt i nærområdet, men ingen greip inn. Dette er hendingar som både aktørane og tilskodarflokken i ettertid helst vil fortrenga. Men hendinga må me sjå i samtida sitt ljos, og hugsa at dei som var med på dette, hadde vonde oppvekstminne og hemntankar etter 5 år med tysk okkupasjon og audmyking.  


Kjelder:

Anker Gravdal – (1930 – 2015) 

Terje Nomeland: «I krig og klærlighet» -2011

og frå livsminnesamlinga mi.


«Sunnhordland» 1. april 2019

Oddbjørn Kvålsvold