New Paragraph
Foredrag om stølslivet i Valdalen
Dette må du få med deg! Eit superinteressant og uvanleg morosamt foredrag på Høgskulen, Rommetveit i amfiet like innanfor hovudinngangen.
Torsdag 16. april 2026 kl 18.00. Fri inngang.
STØLSLIVET i VALDALEN, Røldal … med glimt i auga …
Reidar Sandal vil med ord og bilete fortelja oss om livet i Valdalen før utbygginga på 50- og 60-talet. Han har ein eineståande evne til å gjera dette særs levande og morosamt. Fakta om slit, arbeid og elende vert fortalt med makalaus innleving, alvor og humor, på ekte Røldalsdialekt.
Dette vert garantert ei kulturhistorisk og minnerik stund.
Reidar var elev ved Stord Lærarskule seint på 70-talet. Blant hans medelevar var Magne Rommetveit. Dei to, og nokre til, vil innleiingsvis ha ei kort mimrestund om si felles elevtid.
Kjem det fram nye avsløringar …….. ?
Møt fram, og få med deg dette foredraget.
Du vil garantert ikkje angra.



